Frøken Island - lengsel, litteratur og draum

Det er 1942 og vulkanen Hekla vaknar til liv. På Island får ei lita jenta namnet Hekla. Far er opptatt av vulkanar og ord.

I 1963 er Hekla 21 år og reiser til Reykjavik. På bussen les ho Ulysses på engelsk. Med ordboka til hjelp. Herren ved sida av kommenterer at det er interessant at ei så vakker kvinne les utanlandsk litteratur, men han kan tilby henne noko betre. Ho er så vakker at han kan få henne med i frøken Island konkurransen. Sjølvsagt kjem ho til  å vinne og får reise til utlandet. Hekla takkar nei, men denne karen gjev seg ikkje så fort. Han har teft for vakre damer utan ektemenn.

- Hun ødela garnet, sa bonden som hadde satt ut garnet. Jeg satte det ut for å få ørret, og garnmaskene var ikke laget for å fange en dikterinne
Hekla har to bestevener. Ísey som har gifta seg, fått barn og veit korleis heile livet kjem til å bli. Ho drøymer om å skrive, men veit det at det er mor, husmor og kone ho skal vere. Ho visste kva som var forventa av henne i samfunnet. 
Jón John som er homofil og er flink med symaskinen. Jón er han ho flyttar saman med i Reykjavik. Begge kjenner seg utanfor samfunnet. I 1963 er alle islandske menn potensielle nobelprisforfattarar i litteratur. Homofile menn blei sett ned på, kunne mishandlast og ryktene sa at dei prøvde seg på ungar, I Noreg var mannleg homofil praksis forbode fram til 1972(!). Vi får innblikk i fortvilinga til ein ung mann som tenner på menn og blir behandla deretter. Om menn som lever i ekteskap og lever ut homofilien i det skjulte. Om menn som meiner dei er i sin fulle rett til å slå ned homofile menn. 
Hekla vil skrive og ho har noko å formidle. Noko som menn ikkje meiner at kvinner skal formidle.
   Jeg pakket sammen vingene mine. Det var småfuglvinger som ikke bar meg lenger enn øst til Thrastarskógur, åh, Hekla.
 Hekla arbeider i ein restaurant og sidan ho er vakker må ho jo arbeide i serveringa. Menn tar på serveringsdamene, tafsar. Dei får beskjed om at det er slik det er. Mannleg serveringspersonell heiter kelner og har høgare lønn for lik jobb. Kvinnene har metodar for å sleppe unna kladdarane etter arbeidstid. 
Hekla får seg kjærast som er radikal og skriv poesi. Då han forstår at Hekla er betre enn han, er det lite igjen av radikalismen. 
Ordene når ikke land
I 1963 held Martin Luther King jr den berømte talen. JF Kennedy døyr, Surtsey dukkar opp av havet. Det vil seie ei ny øy blir skapt av ein undersjøisk vulkan. Eg blei mest overraska over at det var så tidleg for dette ser eg for meg og eg var ikkje blitt 3 år ein gong. Det må ha gjort stort inntrykk og blitt fortalt levande i åra etter det av dei som påverka historia mi. 
Alt dette er med i boka. Og sjølvsagt det som alltid imponerer meg med islendingane, det sterke bandet til sagatida og litteraturen. 

Dette er den tredje boka eg les av Audur Ava Olafsdottir. Framleis er Arr den beste, men eg storkoste meg og fekk verkeleg tenkt bakover. 1963. Eg er fødd og får ei veslesøster det året, Kvinner skal vere husmødre, menn skal tene pengar. Homofili er forbode. Kvinner gjev ut litteratur ved å bruke mannsnamn. Ellers blir dei ikkje gitt ut. Evt blir dei plassert under kategorien kvinnelitteratur (husmorporno?). I utlandet finst det radikale kvinner, lesbiske og homofile som har fått Nobelprisen. Men ingen snakka om akkurat det. 

Og så tenkte eg på 1970-talet. Homofili blir lovleg. Kvinner får springe maraton (men hoppe på ski er framleis altfor radikalt). Trur òg det var på denne tida eineståande fekk lov til å kjøpe burettslagsleilegheit med soverom. Dei trengte jo ikkje slik luksus før det. Kvinnestemma kjem tydelegare fram.
Det må ha vore eit revolusjonerande tiår for frigjering. Alt vi tar som sjølvsagt var ulovleg eller utanfor moralen på 1960-talet. Midt i alt dette vaks eg opp. 

Eg må nemne den andre boka eg las: Stiklinger. Den blei eg òg glad i.

Det er noko med Island og islendingar. Tenk om vi hadde hatt det same kulturelle medvitet. 

Alle sitat er frå boka
---
Tittel: Frøken Island (Ungfrû Island)
Forfattar: Audur Ava Olafsdottir
Omsett frå islandsk av: Tone Myklebost
Forlag: Pax
År 2019
Utgåve: hefta 2020


Kommentarer