Arr - Jónas, drillen, gaffateip og sjølve livet.

Jónas er 49, fråskilt, heterofil, utan makt og utan sexliv. Men han er nevenyttig og fiksar det kvinner ber han fikse. Han har tre kvinner i livet sitt: mor, ekskone og dotter. Alle heiter Gudrún.
Ho han elskar høgast, heiter i tillegg Vatnalilja.

Livet kjennes meiningslaust. Det kan gå vidare utan han.
Vil verden savne meg? Nei. Vil verden bli fattigere uten meg? Nei. Vil verden klare seg uten meg? Ja. Er verden bedre nå enn da jeg ble født inn i den? Nei. Hva har jeg gjort for å forbedre den? Ingen verdens ting.
Skal han skyte seg? Henge seg? Men kven finn han først? Vatnalilja? Vil han henne så vondt? Eigentleg vil han bare forsvinne slik at ingen får ekstra bry med han. Men kor kan han forsvinne? Han tek med seg drillen og gaffateip, han skal i alle fall ha utstyret klart om det blir henging, og reiser til eit av dei farlegaste landa i verda. Her har dei møtt døden før.

Kven trur at ein mann med drill, gaffateip og ei raud skjorte bare har tenkt å feriere i eit krigsherja land? Han får i alle fall fikse ei dør, dusj og nokre røyr før han takkar for seg. Han har trass alt drill og teip. Kunne han la desse krigsherja menneska som hadde sett så mykje vondt, ta han ned frå kroken?
Kva er eigentleg viktig? Kva gir livet meining?
Du skal bere di eiga bør, står det i Bibelen. Eller dine eigne arr.

Audur Ava Ólafsdottir har skrive ei bok med humor. Lita og lett. Og samstundes så full av tyngde. Av livet.
Ho fekk Nordisk råds litteraturpris 2018 for denne boka.

I følgje NRK så passar boka for den som likar det absurde og den som handterer kombinasjonen av tragedie og komedie. Ja, sånn kan det òg seiast. Eg likte ho veldig godt.

--
Eg har sagt at eg vil vere med på bokhyllelesing, eit opplegg der vi skal finne bøker i ulesthylla etter visse krav. I januar skulle boka ha raudt omslag. I hylla mi stod den skadeskotne raude stolen og lyste - ARR. Februarboka er gitt ut på 1800-talet.

--
Forfattar: Audur A Olafsdottir
Tittel: Arr (islandsk: Ör)
Forlag: Pax
Sider: 208

Kommentarer