Olive Kitteridge - ein heil landsby

Eg startar året med å bli overraska. Eller rettare sagt - eg starta romjula med å bli det. Elizabeth Strout var heilt ukjent for meg. Men då eg trengte eit par bøker på Kindlen til ei reise i desember, lasta eg ned Olive Kitteridge. Ut frå vaskeseddelen virka boka heilt ok.
Olive Kitteridge er ei ufordrageleg kvinne. På så mange måtar. Ho er mattelærar i grunnskolen. Er skremmande på elevane. Ho lever saman med ein snill og omsorgsfull mann. Til tider sukkar eg, stakkars mann. Det kjem ikkje mykje vakkert ut av munnen til Olive. Men dei lever no der og treng kvarandre på eit vis. Saman har dei ein son som dei har store draumar for. Olive har elska sonen med heile seg, men slit med å uttrykke det på ein måte som gjer at sonen forstår.

Så var det landsbyen då. Kvart kapittel i boka er ei novelle for seg. Vi møter ulike personar og historiar i landsbyen. I alle er Olive med. Av og til kun som ei som blir nemnt med to setningar. Andre gonger er ho meir aktiv. Alle glimta gjev oss fleire brikker til å forstå Olive. Kvar historie kan stå for seg. Ho som på gravferdsdagen til mannen får vite om utruskap. Han som må fortelje om eit svik. Han som vil vere meir enn knullevenn. Dei som er foreldre til ein mordar. Ho som nektar å ete. Sladderen.
Undervegs blir eg meir og meir glad i dette ufordragelege kvinnfolket. Det er noko med henne.

Dette er ei bok som faktisk er vakker. Kvar historie gir den andre tyngde. Ho fortel om livet. Om korleis vi håndterer våre meir eller mindre dysfunksjonelle familiar, korleis vi taklar motgang og glimta av lukke.

No har eg oppdaga at boka er blitt serie på HBO...
Og eg har lasta ned ei ny bok av Elizabeth Strout for dette var eit kjekt møte.

---
Forfattar: Elizabeth Strout (USA)
Tittel: Olive Kitteridge
Språk: norsk 
Ebok