2018 - oppsummering

2018 var eit godt leseår. Etter fleire år med 10-15 bøker i året, kjente eg gleda over å ha tid til å lese dobbelt så mange. Eg oppdaga nye forfattarar, fekk utfordra eiga tenking og var innom bøker som  var sånn passe.

Året starta med trilogien "Bli hvis du kan" av H. Flatland. Forfattaren var ny for meg og eg fekk meg ei stor og gledeleg overrasking. Bøkene om dei fem gutane og menneska rundt dei, var engasjerande. Den neste boka eg las av forfattaren i 2018 var ein nedtur.

Neste bok ut var òg ein ukjent forfattar for meg. Lars Petter Sveen. Tittelen på boka frista ikkje akkurat: Guds barn. Men den var god! Ved å skrive om livet på Jesu tid fekk han sagt mykje om tida vår og om oss. Sveen står på leselista i 2019 òg!

Ein ven bad meg lese ei bok av Kim Leine. Det blei litt av ein svir. Det luktar, loppene kryp rundt, maten er forderva og menneska ravar rundt i feber og fortviling. Profetene i Pilegrimsfjorden var ei ny oppleving av kolonaliseringa av Grønland.

Tidlegare las eg ein del krim, men eg mista lysta då bøkene blei meir og meir groteske. Men så oppdaga eg Peter May. Det var kjekt det! Eg skal til Hebridane, sjølv om eg både bli sjøsjuk, frys og bles bort.
Når J.K.Rowling ikkje er "mor" til Harry Potter, skriv ho krim under namnet Robert Galbraith. Den krimmen har eg òg likt, så eg venta i lengsel på ny bok. I september kom Lethal White og eg hadde ikkje lyst til å vere saman med andre enn Robin og Strike ei stund. 

2018 blei òg det året då Fernando Pessoa og eg hadde eit langt forhold. Eg krangla med han, las i undring over kor godt han kjente det moderne mennesket og grubla meg gjennom Uroens bok. Den blir eg ikkje fort ferdig med sjølv om eg har lese boka ein gong.

2018 var òg det året eg oppdaga Patti Smith. Eg hadde sjølvsagt høyrt om musikaren Patti Smith, men kjente eigentleg lite til musikken. Og endå mindre til forfattaren Patti Smith. Alt eg går glipp av. Forfattaren Smith gjekk rett i hjarta mitt. Tenk å skrive ei heil bok om ingenting og samstundes treffe blink. Dei to andre eg las, er òg skattar. Og musikken? Eg har begynt å lytte. 

Eg har òg vore i Finland gjennom Kinnunen si slektskrønike. Det er òg ein forfattar eg gler meg til å lese meir av. Eg har kjent sterkare på spansk historie frå mellomkrigstida. Salvayre fekk meg til å forstå meir av det som skjedde då Franco tok over og kva grep han hadde på landet. 

Ferrante, Rådström, fleire bøker om tru og tvil og dei vakre bøkene til Mankell. Alle var bøker som gjorde meg klokare.

No kastar eg meg inn i leseåret 2019 og kryssar fingrane for like store opplevingar og overraskingar som i 2018 

Kommentarer