Den gong då - og no



I haust såg eg over skal (kanskje)-lese lista mi og oppdaga at boka GUDS BARN av Lars Petter Sveen stod der. Forfattaren var for meg ukjent. Tittelen minna meg om religiøs litteratur. Ikkje hugsa eg kven/kva som hadde frista meg til å notere denne ned heller. Men eg kunne jo lese vaskeseddelen før eg fjerna ho frå lista, tenkte eg og eit lite blikk der førte ikkje boka av lista, men over på Kindlen min.

For ei bok!
Eg har ikkje bare lese ein roman, eg har gått saman med desse menneska, grubla og undra meg.


Boka startar med eit sitat frå evangeliet etter Johannes.
"Det er mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast."


Ok. Det er vel utømmeleg det som kan skrivast og fabulerast rundt livet i Palestina på Jesu tid. Kva er så annleis med denne? Her slepp vi ikkje unna. Boka handlar om oss og vår tid, sjølv om heile forteljinga altså er om det som skjedde for 2000 år sidan
Vi startar i Betlehem. Kong Herodes har gitt ordre om å drepe alle jødiske gutebarn. Soldatane var på jakt etter den vesle jødekongen som var blitt fødd. Kva gjer det med soldatar som må gå frå dør til dør for å drepe småbarn?

Vi møter røvarar eller kanskje dei i dag ville blitt kalla terroristar? Den stammande Jakob. Andreas bror til Simon Peter. Anna. Kvinner som menn har øydelagt. Barn som lever på gata. Vi kjenner på stemninga i Jerusalem. Opprøret som murrar under herskarane sin jernkontroll over området. Folk blir krossfesta for å skremme og halde uroa nede. Skildringa av hundane som held seg rundt rettarstadane for å få tak i menneskekjøt, er tøffe å lese.

Jesus er trøytt og sliten. Han skjønar kva veg det går. Venene tvilar. Nokre vil ta til våpen, som andre opprørarar, andre prøver å halde oppe motet. Var han bare ein av dei mange opprørsleiarane eller var det noko anna med han?

Kva er eigentleg å bli helbreda? Er det å få andre til å sjå seg sjølv på nytt, helbreding?
“Det blir ikkje borte, Jakob, seier han, du talar slik du er. Vi blir endra av kva vi gjer. Ikkje av kva vi tenkjer på, ikkje av kva andre fortel oss. Jesus gav deg dette eg seier no, gjorde han ikkje? Han gav deg mot og kraft til å bli ein annan. Han tok ikkje bort det som får deg til å rykke, det som får orda til å henge seg fast. Han fekk deg til å endre alt, han fekk deg til å gjere det sjølv. Han viste deg korleis du kan leve med det.”

Vi er altså i Midtausten på Jesu tid. Men det store med denne romanen er at under ligg 22.juli, IS, konfliktane i området i dag, radikalisering, det onde og det gode. Det var eit miljø gjennomsyra av politiske og religiøse konfliktar på Jesu tid òg.
I alt dette flettar Sveen moderne poesi frå Olav H Hauge, Lars Saabye Christensen, Åse Marie Nesse med fleire inn i teksten.


Eg trur eg må lese ho ein gong til for her var så mange lag eg ikkje er ferdig med.

Utgitt i 2014. ca 250 sider


I boka "Meningen med livet?" Dialoger om tro" av Alf van der Hagen er det en lang samtale med Lars Petter Sveen om tankane bak boka.

Kommentarer