Uroens bok - det moderne mennesket

Uroens bok av Bernardo Soares er det ikkje lett å skrive om. Det er eigentleg ikkje ei bok. Det er notater og dagbøker. Kapitla verkar av og til heilt uavhengig av kvarandre i skriveform, men samstundes heng dei tett saman.


Eg blei overraska kor godt ein mann fødd i 1888 og død i 1935 kjente tida vi lever i no. Og kjente meg.
Pessoa brukte heteronymer og kalte forfattaren av boka Bernardo Soares. Soares arbeider på eit rekneskapskontor, bur aleine og lever heile livet sitt i nokre få gater i Lisboa.


Notata som er blitt denne boka, er sett saman etter Pessoas død.
Undervegs medan eg las Uroens bok høyrte eg eit utdrag frå NRK (2010) om boka. Mellom anna blir Tomas Espedal intervjua. Boka kom på norsk for første gong i 1997. Det var på tide, meinte Espedal. Pessoa er boka ein venta på. Er det brev/essay/prosastykke? Dette er ei moderne bok. Undervegs i lesinga blir eg veldig einig med Espedal. Dette er ikkje ei bok ein les frå start til slutt og er ferdig med det. Denne boka må ein lese litt frå heile tida. Det er stadig nytt å hente. Ho krev konsentrasjon.
Dett er forresten ei bok som med fordel kan lesast saman med andre for det er stoff til mange interessante samtalar undervegs.
For å kunne skrive denne boken har jeg plukket alle blomstenes sjeler, og av all fuglesangs flyktige øyeblikk har jeg vevet evighet og stillstand.
Forfattaren er fødd i Lisboa i 1888, men flyttar til Durban i Sør-Afrika og opplever ca 10 år av oppveksten der. 17 år gamal han tilbake til Lisboa. Her bur han resten livet. Pessoa stiftar aldri familie. Han lever stille og roleg. Gjer sine oversetjarplikter på dagen og skriv litteratur om natta.
Jeg leser og føler meg fri. Jeg oppnår objektivitet. Jeg opphører å være meg og sprer meg utover.
Boka er som ein labyrint. Rommar alt. Har ikkje byrjing, midte eller slutt. Boka kan setjast saman på ulike måtar. Det er vanskeleg å finne kronologien, men dei som har sett saman boka, har valt tema som noko felles.
Uro er det karakteristiske som plasserer dette som eit modernistisk verk. Det er springande og samstundes nakent og nært. Kjennarar meiner at heteronymet Soares er meir lik Pessoa enn mange av dei andre han har brukt.

Einsemd
Kvar dag er sin eigen dag. Det keisame. Rutinen. Det trygge. Einsemda. Den inderste, djupaste einsemda. Pessoa ser det moderne mennesket så klart. Så avkledd.
Min Gud, min Gud, hvem er dette menneske jeg betrakter? Hvor mange er jeg? Hvem er jeg? Hva er dette gapet som finnes mellom meg og meg?
Kvardagsdetaljane. Turen til kontoret. Butikken. Gata. Og brått: Kven er eg? Om litt er det ingen som hugsar meg. Draumane. Det meiningslause.
Kvifor blir eg så fascinert? Trur det er at han gir meg glimt inn i eigne tankar, både dei eg har tenkt og dei som er på veg. Observatøren som ser og set ord på det.I blant undrar eg meg over at han ikkje lever no for han skildrar tida vår så tydeleg.
Jeg går alltid omkring med en fornemmelse av at jeg er på nippet til å våkne.
Det å vere ingen. Det å tole seg sjølv. Fri frå forestillinga. Greier du å leve aleine, kjenne på den store einsemda? Er du slave av den du vil vere? Treng du stadfesting frå andre på kven du er?

Han ønskjer å sjå alt som om det var for første gong. Sjå mennesket slik Gud ser det. Ikkje som fiskarkona eller politimannen. Men så ser han det meiningslause i det og ser dei som figurar i eit teater. For finst dei andre? Eller er det bare eg som har sjel? Er dei like levande som meg? Er romanfigurane like levande?

Treng vi å reise? opplever vi ikkje alt som er å oppleve i den gata vi bur i? Er ikkje det andre det same bare i andre former?

Religion
Pessoa er stadig innom religionen. Vi lever i ei verd utan religionen, men med mykje tru. Eller er religionen der likevel? Er den i barnet? Eller er det Menneskeheten vi trur på?
På den eine sida:
Jeg har aldri hatt en jeg kunne kalle "Mester". Ingen Kristus har dødd for meg. Ingen Buddha viste meg veien. Ingen Apollon, ingen Athene har kommet til meg på mine drømmers fjell for å kaste lys over min sjel.
På den andre sida: 
Jeg ble født på et tidspunkt da de fleste unge hadde mistet troen på Gud, og det på samme tid som deres foreldre hadde beholdt sin - uten å vite hvorfor. Og fordi den menneskelige ånd har en naturlig tendens til å kritisere fordi den føler istedenfor å tenke, valgte de fleste unge Menneskeheten til Guds etterfølger. Jeg er imidlertid av den type mennesker som alltid befinner seg i utkanten av det de tilhører, og som ikke bare ser gruppen de er en del av, men også de store rommene som finnes utenfor og på sidene. Derfor har jeg ikke forkastet Gud like ubetinget som dem, og Menneskeheten har jeg aldri akseptert. 
Slik slit han gjennom heile boka. Han greier ikkje å tru på Gud, men kanskje finst han? Kan vi leve utan draumen om noko utanfor oss? Treng vi den draumen?

Kvinna.
Han skriv lite om kvinna, men tekst 210 og 211 er om å lage seg eit bilete av ei jomfru på pidestallen. han skriv om det skremmande i den jordiske kvinna. Begjæret. Det vemmelege. Det ukontrollerte. Det ekle i at det er gjennom henne vi er fødd. Kvinna som ein har vore så avhengig av. Det gjeld å skape den reine som ein kan elske utan å bli tilskitna.
Jeg kan se deg som jomfru og mor fordi du ikke er av denne verden. Barnet du holder i dine armer har aldri vært så lite at du har besudlet det ved å bære det i magen. Du har aldri vært en annen enn den du er, og hva kan vel du være annet enn jomfru? jeg kan elske deg og tilbe deg fordi min kjærlighet ikke besitter deg og min beundring ikke gjør deg fjern.
Eg måtte tenkje ei stund over desse tekstane. Religionar/kulturar ser ut til alltid å ha eit behov for kontroll over kvinna. Kva er det som har skremd slik ein gong langt der bak som gjer at det ligg i blodet å ville kontrollere henne?
Det seier Pessoa lite om. Men han viser tilbedinga av gudinna/jomfrua/den kjønnslause.

Draumaren
Hvis det ikke hadde vært for at jeg alltid drømmer, og alltid lever i noe evig annet, ville jeg med god grunn kunne kalle meg realist, hvilket vil si et menneske som betrakter den ytre verden som en uavhengig nasjon. Men jeg vil nødig sette navn på meg selv; jeg foretrekker å være mitt litt diffuse selv, og å nyte det pikante i å være uforutsigbare også for meg selv.
Pessoa og eg hadde mange diskusjonar om røynda, draumane og tankeflukta undervegs. I blant gøymer han seg for det verkelege liv, andre gonger er han så i det at draumane blir heilt borte.
Jeg er et menneske som opplever den ytre verden som en indre realitet. Ikke på en metafysisk måte, men med de vanlige følelsene vi forholder oss til virkeligheten med.
Dag Solstad har dratt med seg Uroens bok att og fram til Berlin for han må ha dei beste bøkene med seg der han er. Eg forstår han. Dette er ei bok eg ikkje er ferdig med. Ho må lesast på ny og på ny. Det er så mykje å gruble over. Og ja, eg trur òg ho er av dei beste.


Jeg har vært et geni, skjønt mer i drømmene og mindre i livet.

Alle sitat er frå boka.


--

Forfattar:Fernando Pessoa ( Bernardo Soares)
Tittel: Uroens bok (O Livro do Desassossego)
År: 1997
Originalspråk: Portugisisk
Omsett av: Christian Rugstad
Forlag: Solum