Framtidshåp, ungdom, fanatisme og fortviling


Den spanske borgarkrigen har fått sine forteljingar før. Til dømes frå Ernst Hemingway (Klokkene ringer for deg). Det som gjer denne historia så god er at vi får møte borgarkrigen gjennom blikket til forfattaren Bernanos og blikket til ei ung kvinne. Vi møter gode menneske på alle sider av konflikten. Og vi møter brutaliteten.
Guernica av Picasso
Og bak der ligg òg kritikken mot resten av Europa. Hitler og Mussolini støtta den nasjonalistiske sida. Andre såg på og inngjekk avtalar med kuppmakaren Franco. Det som er best for kapitalismen, er jo best for oss…. Republikanarane hadde kommunistane på si side og dei er alltid farlegare enn brunfarga konservatisme.

Georges Bernanos, gamlemor og borgarkrigen i Spania. Det blir det verkeleg ei god historie av i boka "Ikke gråte".
I Faderens, Sønnens og Den hellige ånds navn og med skinnende bispering på sin ærverdige hånd peker Hans nåde erkebiskopen av Palma ut de vrange fattigfolkene for hevnerne. Det er Georges Bernanos som forteller dette. Det er en glødende katolikk som forteller dette."

Lydie Salvayre fortel historia til mor si (Montse). Mora var 15 år i 1936. Ho lytta til broren, som var opptatt av anarkismen og drøymde om fridom for alle undertrykte. Dei to dreg til Barcelona. Ein by som er tatt over av anarkistane. Montse opplevde den store fridomen og den store kjærleiken. For José, broren, blir òg møtet med Barcelona ein vekkar.
Begge reiser heim til bygda, trongsynet, undertrykkinga og tradisjonen med bagasje som endrar livet.
“Kan en drepe mennesker slik en dreper rotter? Uten å kjenne noen form for anger? Og attpåtil skryte av det? Hvor fordervet, hvor gal må en ha blitt for at en “rettferdig sak” skal rettferdiggjøre så uhyrlige ting?”


Vi opplever ein landsby der unge drøymer om ei betre framtid, der konliktane mellom dei ligg som eit mørke under. Vi kjenner lufta bli tettare. Vi får òg eit bilete av kvinnene. Dei som held fast i tradisjonen og kyrkja og vil helst at alt skal vere etter “Guds orden”. Dei som trykkjer andre kvinner ned.
Framfor alt er det framtidshåpet som er i dei unge hjartene. Eit håp som blir grundig knust.

Det fascinerande i måten Lydie Salvayre fortel historia er at vi heile tida blir minna om at det er ei kvinne på 90 år, med sviktande minne (unntatt for dei intense åra under borgarkrigen) og med eit, til tider, vulgært språk som fortel. Noko mora nyt.  Mora rømte til Frankrike, men har aldri lært seg språket skikkeleg og sper godt på med spansk. Omsetjaren lar orda vere spanske og gjev oss hjelp bak i boka. Det er faktisk eit trekk eg likte godt.

Saman med mora si personlege oppleving av borgarkrigen, bruker Lydie Salvayre Georges Bernanos (1888-1948) sine opplevingar frå Mallorca. Han gav ut Les Grands Cimetières sous la Lune (1938). Bernanos var ein katolikk som blei meir og meir fortvila over det han opplevde frå den katolske kyrkja. Ei kynisk kyrkje med kalde kalkylar. Den Kristus han møtte i evangelia var ein som hjelpte tiggarar, tilgav røvarar, velsigna prostituerte og alle småkårsfolk og fillefransar stod han nær. Kvifor såg ikkje kyrkja dette? Hadde dei gløymt at Kristus var ein fattig blant fattige? Var den spanske kyrkja blitt "de velståendes kirke, de mektiges kirke, de betitledes kirke"?
Bernanos ser prestar som gjev fattige syndsforlating og velsignar drapsmennene i same augneblink. Han ser menneske som hadde fått eit håp om ei ny verd, bli drept. Han skriv om det og mister mange av sine katolske vener og den katolske kyrkja trua med å ekskommunisere han.


Eg las boka samstundes som eg drog til Madrid. Det gjorde teksten ekstra nær. Spania under Franco. Og Spania i dag. Det er ikkje så lenge sidan han døydde (1975). Mannen har framleis tilhengarar i landet.
Å gå rundt i Reina Sofia og oppleve Guernica (Picasso), plakatar som støtta Falangen, kunst som viste dei som gjekk frå tru på framtida til borgarkrig og den andre verdskrigen. Det blei sterkt. Ei av dei beste bøkene eg har lese i år. Ei bok som viste gjennom eit landsbyliv det store biletet av borgarkrigen.






--
Tittel: Ikke gråte
Forfattar: Lydie Salvatore
Omsett frå fransk: Gøril Eldøen
Forlag: SolumBokvennen 2018