Forsvinn det vonde når alle teier?

Etter Olive Kitteridge måtte eg bare i gang med ei bok til av Elizabeth Strout. Det blei "Mitt navn er Lucy Barton". Ei lita bok på 179 sider. Etter denne er eg ikkje mindre interessert i å lese meir av Strout.

Lucy Barton er forfattar. Ho ligg på sjukehuset i mange veker. Ein dag sit mora ved sengekanten. Lucy har ikkje snakka med henne på mange år. Dei pratar om naboar, om menneske som ikkje er viktige for dei. Det er mykje Lucy kunne tenkt å få svar på, men dei gongene dei kjem inn på noko som er viktig, sklir dei unna. Mora vrir seg unna og Lucy vågar ikkje snakke om det. For har det eigentleg skjedd? Lucy har fortrengt mykje. Vi forstår at barndommen har vore tøff. Det er signal om overgrep, om utestenging og einsemd. Søskena vel ulike måtar å overleve på. Samtalane er kvardagslege, men det ligg heile tida uro under. Kanskje er dei begge redde for å legge saman opplevingane sine.

Boka er Lucy Barton sine kommentarar til det som skjer og vi får følge henne vidare i livet etter sjukehusopphaldet.

Jeg har sagt det før: Det interesser meg hvordan vi finner måter å føle oss overlegne andre på, andre grupper mennesker. Det skjer overalt, og hele tiden. Hva vi enn kaller det, mener jeg det er den nedrigste delen av det vi er, dette behovet for å finne andre å se ned på.

Det ligg noko brutalt og sårt under alt i heile boka. Ei sterk bok som går fort å lese, men som er med meg lenge etterpå.

--
Forfattar: Elizabeth Strout
Tittel: Jeg heter Lucy Barton
Forlag: Press
Ebok

Kommentarer