Gå til hovedinnhold

Eit år med Kolbein Falkeid

 

Då landet stengte ned 13.mars 2020, var det noko i meg som meinte at eg trengte ein mann som har sjøsprøyt i rynkene, vind frå alle kantar i håret og havblikk. Ein sjøulk som hadde vore på havsens botn og i himlane høge.

Eg la Kolbein Falkeid på spisebordet. Og begynte på ei reise gjennom nærmare 50 år med dikt. Ei reise som gav meg tankar og bilete på eige liv. Dikta er ekte, fulle av erfaring, til tider dyrekjøpt erfaring. Dei syng i meg og dei synk i meg. Dei er lyse. Dei er mørke. Og dei har gitt dagane mine, særleg frukostane, dette rare året ein god tyngde og eit ekstra lys. Frå Horisontene:

Nei, jeg snakker ikke om erobring,
men om ferden, den forpliktende ferden
inn i alt som er.
For alle ting har horisonter.
Mennesket, kjærligheten, hverdagene.
Men også de minste ting.
Det er større innbyrdes avstand mellom atomene i en vanndråpe
enn mellom stjernene i universet. 

Dikt som seier dei rette orda om venskap, dikta "Det er langt mellom venner" og "Bølgelengde". Trøystedikt når ein tenkjer på døden, til dømes "Jeg finner nok frem" og "De klarte det". Og heile tida påminninga om at livet har sine utfordringar. Du er ikkje her for sole deg, men for å leve og vere noko for deg sjølv og for andre. Kjenne på glede og smerte. På livet. Ta tak i det.

PRIVAT HUSKEREGEL
Du skal ikke klistre fine øyeblikk
opp på veggene i tankene
og forgylle dem med lengselen din.
Du skal kjøre spettet
hardt innunder arrete hverdager
og vippe dem opp.
En etter en.
Det er derfor
livet har satt deg på mannskapslista.

Det er dikt der han fryder seg saman med barnebarna. "Portretter av barnebarn" og "Unas kafé".

Og kanskje den sterkaste diktsamlinga, "En annen sol". Om å miste det som står deg nærmast. Å greie å bare balansere på kaikanten og ikkje la sjøen sluke seg. Den diktsamlinga har eg skrive om tidlegare. Du finn den bokmeldinga her.

Av og til måtte eg stoppe opp ved setningar og avsnitt som bare sa alt. .

De prater
sammen.
Men ordene 
går hver sin vei.

Frå "Enslige utsikter"

Dette året der eg har fått vandra gjennom 50 år i Falkeid sitt liv, har gitt meg ei skattkiste med ord og bilete eg tar med meg vidare. Det har vore ei god reise som er verkeleg tilrår folk å gjere ein eller annan variant av. Ta eit dikt, fleire dikt og la de bare vere der i dagen.

HVIS DU TROR
Hvis du tror det er dikt
du leser
når du leser meg,
tar du feil.
Jeg skriver døde bokstaver,
selv om de rører på seg under elektronmikroskopet.
Diktet er den drømmen
ensomme ord drømmer.

---

Tittel: Samlede dikt

Forfattar: Kolbein Falkeid

År: 2016

Forlag: CappelenDamm

Kommentarer

Hedda sa…
Dette var det så fint å lese om! Jeg er også begeistra for Kolbein Falkeid. Tusen takk for påminnelsen og små smakebiter fra det omfattende forfatterskapet hans:)
Marianne sa…
Som du vet har jeg på tips fra deg lånt En Annen Sol, og den var nydelig. Det resulterte i at jeg kommer til å kopiere deg en gang til. Har nemlig bestilt samlede verker jeg også og venter på den i posten. Skal ha den til frokost jeg også, for det var en skikkelig fin start på dagen. Takk :)
Aud Venke sa…
Så kjekt Hedda! Eg hadde mange fine stunder med Falkeid og har mange dikt å gå tilbake til.
Aud Venke sa…
YES! Marianne! Så bra! Falkeid er verd mange timar og kan brukast til det meste. No startar eg med Børli til frukost. Er spent på det.

Populære innlegg

Mammutbøker 2021- har du lyst på kjøpetips?

  Før i tida var Mammutsalet store greier. Ein måtte stille tidleg for å få tak i dei beste. Helst bestille på førehand. Ikkje same køa no. Men her kan ein finne nokre perler. Ser det blei ei liste med ønsker då eg bladde gjennom katalogen. Så spørs det om eg greier å sette kjøpegrenser for meg sjølv.... Det var òg ein del bøker eg har lese og som eg har blogga om. Fleire av likte eg så godt at eg deler gjerne tipset om du ikkje alt har lese dei. eg har lenka til blogginnlegget. H. Torvund: Livsfylde   Den som inte ändrar sig, blir en annan.    Undertittelen er betraktningar frå ei nysgjerrig sjel. Og det får han fram. Eg koste meg med tekstane. Løp og kjøp! Tor Åge Bringsværd: Mens jeg har dere her. Det er lettere å hoppe etter Wirkola enn å dø etter Per Fugelli Om å bli gamal . Le godt og kjenn deg igjen Bjørn Eidsvåg: Tru og trass   Både trass og tru.   Eidsvåg sine ord om oppvekst, tru, trass og tvil.  Notto R. Thelle: Stillheten og skriket. Stillheten og skriket. Tanker om tro og

Det brenner en ild - Ingeborg Refling Hagen

Tidleg på 1980-talet var eg invitert til førestillinga: "Den engelsk Los" av Henrik Wergeland i eit privathus på Billingstad i Asker. Eg sat der med munnen open og lytta til ei framføring med så sterk innleving og så inderleg framføring at eg blei mållaus. Kva var det dei såg og som eg bare ante? I november 2020 kom det ut ei bok om Ingeborg Refling Hagen. Den har fleire artikkelforfattarar. Vi møter livet på Hedmark tidleg på 1900-talet. Vi møter ei ung forfattar som ser kva som skjer i Italia og Spania. Ei som prøver å vekke folk her heime til å sjå kva som skjer i Europa. Engasjementet som kjem til å bli meir og meir glødande. Artikkelen til Simen Ekern "Det er vi som står vakt om Europa" tar for seg dette og kanskje er det han skriv like aktuelt i dag:  Det er mulig å hevde at det hadde vært vanskelig å vite hva Mussolini hadde tenkt å gjøre med Italia - hvor langt han ville gå - også fordi han hele tiden selv vekslet mellom ulike scenarier og grader av parlamen

Storinkvisitoren - kva skal mennesket med fridom?

I lesegruppa les vi Brødrene Karamasov av Fjodor M. Dostojevskij for tida. Denne veka har vi lese Ivan sitt poem. " Legenden om Storinkvisitoren " (lenka er til Nasjonalbiblioteket. Brødrene Karamasov er omsett av Olaf Broch. Legenden startar på s 271). Tenkte det var greit med ei lenke i tilfelle de ikkje hadde boka i heimen. Den nyaste utgåva er omsett av Geir Kjetsaa. Men den er ikkje klar for fri nedlasting frå Nasjonalbiblioteket enno. For dei som leitar fram i bokhylla: Teksten er kapittel 5 i fjerde del. For å oppsummere det eg har lese både i Brødrene Karamasov, i andre bøker og sortere litt eigne tankar, skriv eg ned det som surrar rundt akkurat no. Og 1.mai er kanskje ikkje den dummaste dagen å skrive om det frie mennesket på? To av brødrene Karamasov, Ivan og Aljosja, samtalar om Gud, om å akseptere han for så å avvise han. Om det vonde i verda. Kor er Gud i alt dette? Ivan ser på seg som ateist. Aljosja er munk. Så fortel Ivan legenden om storinkvisitoren.

Stillheten og skriket. Tanker om tro og eksistens

Notto Thelle er ein klok mann eg gjerne lyttar til. Boka Stillheten og skriket kom ut i år. Det er ei lita bok sjølv om ho er på 230 sider. Formatet gjer at ho er lett å ta med seg i veska. Lett å plukke opp, lese litt og tenkje meir. I starten av boka viser han til den stoiske keisaren og filosofen Marcus Aurelius  (121-180 e.Kr) som skreiv den vesle boka Meditationes (Stille ettertanker). På norsk har boka fått tittelen Til meg selv. Den stille ettertanken er det han søker. Vi startar livet med eit skrik. Stilla og suset frå mor sin mage er over. Mellom skriket og stilla leitar vi resten av livet etter ord og tankar. Vi snakkar, lyttar. Kanskje den verkelege samtalen byrjar når siste ordet er sagt? Kan vi lære oss å fornemme lyden av ei harpe utan strengar? Har det moderne livet tatt frå oss stilla og ettertanken? Hiv vi oss over mobilen straks det er ein pause? Greier vi å lese konsentrert over lang tid utan å la oss forstyrre? Kor lenge kan eg sjå på fjorden og la tankane van