Før i tida var Mammutsalet store greier. Ein måtte stille tidleg for å få tak i dei beste. Helst bestille på førehand. Ikkje same køa no.
Men her kan ein finne nokre perler. Ser det blei ei liste med ønsker då eg bladde gjennom katalogen. Så spørs det om eg greier å sette kjøpegrenser for meg sjølv....
Det var òg ein del bøker eg har lese og som eg har blogga om. Fleire av likte eg så godt at eg deler gjerne tipset om du ikkje alt har lese dei. eg har lenka til blogginnlegget.
- H. Torvund: Livsfylde Den som inte ändrar sig, blir en annan.
- Undertittelen er betraktningar frå ei nysgjerrig sjel. Og det får han fram. Eg koste meg med tekstane. Løp og kjøp!
- Tor Åge Bringsværd: Mens jeg har dere her. Det er lettere å hoppe etter Wirkola enn å dø etter Per Fugelli
- Om å bli gamal . Le godt og kjenn deg igjen
- Bjørn Eidsvåg: Tru og trass Både trass og tru.
- Eidsvåg sine ord om oppvekst, tru, trass og tvil.
- Notto R. Thelle: Stillheten og skriket. Stillheten og skriket. Tanker om tro og eksistens
- Om ytterpunkta i livet. Skiket du startar livet med og stilla heilt til slutt.
- R. Galbraith: Hvit død. Lethal White. Strike og Ellacot er tilbake
- Deilig krim
- Jon Fosse: Den andre namnet .
- Den første boka i septologien til Fosse. Nummer to kom i 2020 og så ventar eg med fleire med glede på hausten 2021 når den siste kjem ut. Fantastiske bøker.
- E. Ferrante: Kvelande kjærleik
- E. Ferrante: Svikne dagar
- Ferrante har eit eige sug. Ein kjente både sviket og kvelinga i bøkene.
- H. Kawakami: Herr Nakanos forretning for avlagte gjenstander. Einsemd på japansk
- Japansk litteratur er så annleis. Og utruleg fascinerande.
- H. Mankell: Svenske gummistøvler. Skotøyet til Mankell
- Siste boka til Mankell før han døde. Nydeleg!
- J.K. Stefansson: Historein om Ásta. Brunst, brennevin og mykje meir
- Island, Stavanger, det tøffe livet, det gode i livet. Rett og slett å leve
- Dag Solstad: Roman 2019. Endeleg er Dag Solstad her igjen
- Siste om Bjørn Hansen
- Anna Gavalda: For ope hjarte
- Kvar gong eg les Anna Gavalda kjenner eg at ho treff ei sår nerve. Ho skildrar menneske i sorg, i møte med kjærleiken, i livet så klokt og til tider overraskande.
- S. Gotfredsen: Fri oss fra det onde.
- Om ondskapen. Om det vonde. Eg brukte tid på denne boka. Ho fekk meg til å reflektere over eigne tankar om temaet.
- P.A. Dahl: Sårbarhetens kraft
- Det er lett å seie at andre må våge å vise svakhet. At du ikkje tapar noko på det. Det gir deg styrke. Men så kjem det til deg sjølv. Du blir svak. Du kan ikkje alt lenger. Det er slitsamt å gå rundt å kjenne at ein ikkje rekk opp til sine eigne krav.
- J. Fosse: Ro mitt hav
- Nydelege dikt av Fosse samla av Anne Marit Jakobsen.
- L. Mytting: Søsterklokkene
- Nydeleg! Bok nummer to kom ut i fjor: Søsterveven.