Endeleg er Dag Solstad her igjen.

Eg hadde eigentleg tenkt å vente til eg var ferdig med den tjukke boka eg holdt på å lese, men så var Dag Solstad i alle aviser. Intervjuer og bokmeldingar.
Eg måtte bare. Med ein gong.

Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen. Altså finst det to bøker om Bjørn Hansen frå før. Dei har òg tal i tittelen: Ellevte roman, bok atten (1992)og 17.roman (2009). Romanfiguren og Dag Solstad har fulgt kvarandre i alder. Bøkene har ikkje gått ut på dato, så les dei (om igjen). Det går å lese denne aleine.

I 2018 er Bjørn Hansen 77 år. Han bur i ein liten leilegheit på Grønland i Oslo. Veggene er fulle av bøker, systematisk ordna. Solstad skildrar godt det som fyller dagen til denne einebuaren som meir eller mindre har meldt seg ut av samfunnet.

Bj. Hansen som han kallar seg no, lever meir blant dei døde enn dei levande. Han tenkjer seg at han står på denne sida av Perleporten og fører lange samtalar med faren, med mora og andre kjente. Korleis vil det bli etter døden? Det som vi ikkje veit noko om? Han trur ikkje, men det er Gud han vender seg til. Det er for Gud han nektar å sjå på Handlingen frå den første boka, hans NEI til verda, som noko han må be om tilgjeving for. Bj. Hansen simulerte lam, blei uføretrygda og blei tatt på fersken, gåande, dømt og fengsla. Men han nektar altså å knele for dette. Då vil han heller gå fortapt.
Men jeg tror ikke på Gud. Jeg tror ikke på Dommens dag. Jeg tror ikke det finnes noen engler, eller noe Paradis hvor dette livet leves, etter at døden har slukt det. Det finnes ingen frelse fordi jeg ikke tror på Gud. For meg gjør det ikke det. Men likevel er det denne Gud jeg om igjen og om igjen og atter om igjen stiller meg opp foran og forsøker å uttrykke det samme paradoks til. Fordi det bare er foran denne Gud, som jeg ikke tror på, at jeg kan si det. Guds eksistens gjør det problematisk å ikke tro. Og gjør Bj. Hansen urolig ved tanken på døden. Som kommer.
Til denne mannen som  lever blant bøkene og samtalar med dei døde, kjem sonesonen, Wiggo, for å bu. Han skal studere litteratur. Dei prøver, ganske hjelpelaust å bli kjent med kvarandre. Wiggo får farfaren til å mjukne opp. Men så kjem slangen inn i dette forsiktige paradiset. Wiggo får seg kjæraste. N.N. som Bj. Hansen kallar henne, er i Hansen sine tankar, ei moderne bloggerinne som kun les litteratur for å få meir blest om bloggen. Hansen fører lange samtalar med seg sjølv der han analyserer kjæresteforholdet, N.N. og det litt foraktlege moderne liv med bøker på nettbrett og livet på telefonen. Vi moderne får passet vårt påskrive.

Møtet mellom N.N og Bj. Hansen utviklar seg ikkje slik Wiggo ønsker. Wiggo som skulle vise henne helten sin, farfaren som elskar litteratur, opplever at ho ser ein gamal mann med bøker fulle av støv og, i følge henne, med blikk på puppene hennar. Altså ein gamal gris. Kva som skjer etter det, vil eg ikkje røpe.

 Solstad fortset i denne boka med å vise oss dei som vil vere ein del av samfunnet, men heile tida kjenner seg på utsida. Det hjelpelause i møtet med andre. Draumen om å få til noko og Gud, som han ikkje trur på. Og i denne boka får han sagt mykje om den siste delen av livet. Alderdommen og det å nesten kjenne lukta av døden.
Han får framleis sagt noko om samfunnet rundt seg, og han er framleis ein fryd å lese.

Og det beste: han har visst fått skrivelyst til både essay (om metoo) og kanskje nye bøker, så kven veit ka 78 åringen vil finne på framover. Eg gler meg.
---
Forfattar: Dag Solstad
Tittel: Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen
Utgitt: 2019
Forlag: Oktober
100 sider