Det andre namnet - ei sakte lesing av Jon Fosse

Kva gjer ein når har lyst til å lese ei bok ein reknar med kan bli ei utfordring? Jo, ein spør på facebook om andre vil lese saman med seg. Det viste det seg at fleire ville lese "Det andre namner" av Jon Fosse. Dette er dei to første bøkene i septologien Jon Fosse har planlagt.
Vi starta 1. november og var stort sett ferdig då desember var omme. Vi las ca 50 sider i veka. Det er ikkje avsnitt og kapittel i boka så sidene blei tilfeldige. Teksten driv seg heile tida framover utan punktum, men med mange komma. Store bokatavar dukka det bare opp ved namn, Mannen, Systera, Kvinna, Gud, Asle, Guro, Ales osb.

I starten tenkte eg at eg trengte ei namnekart for kor høyrte dei heime desse folka med dei same namna? Men etter kvart forstod eg og det gjorde ingenting om dei heitte det same. kanskje det var dei same folka? Kanskje ikkje?

Vi møter målarkunstnaren Asle som bur i Dylgja. Han er vi inne i hovudet til. Her er tankar og draumar både bakover og framover i tid. Så høyrer vi mykje om ein annan Asle. Han er òg kunstmålar, men alkoholisert. Han bur i Bjørgvin. Åsleik, naboen, er stadig tilstades i fortellinga. Desse folka òg fleire med tvinnar seg inn i historia. Den unge forelskinga, den utfordrande kvinna, snøen, hunden, sterke barndomsminne.
Lesinga blei som pulsslag. Eg blei meldt ut av travelheita medan eg las. Skulle eg vandre saman med Asle måtte eg vere tilstades i tankespranga hans.

Handlinga i boka er lagt til førjulstid. Asle er enkemann og saknar kona Ales. Han gjer seg klar til kunstutstillinga han skal ha i Bjørgvin rett før jul.
Han grublar mykje over einsemd, tru og tvil. I kunsten er han dregen mot det mørke. At vi skal sjå stripa av lys i mørkret. Tankane mine går til Jan Groth sitt sceneteppe på Det norske teatret. Heilt svart, med ein tynn gullfarga strek. Det lyser i sitt mørke. Asle kallar biletet han held på med for Andreaskross. Ei av medlesarane las om andreaskross i ei bok om Koftearven av Annemor Sundbø. Spennande.
Å tegne et krossmerke regnes som vern mot det onde og var vanlig i gammel folketro (koftearven av Annemor Sundbø) I Norge kunne det forekomme at man slo et kors i lufte, skrittet opp et kors...eller malte kryss og kors med kritt eller tjære på dører eller vegger. Dette var ei tid hvor forsikringsselskaper ikke eksisterte..Når vi idag sier vi tilgir, og setter en strek over noe, ble det i fortida tegnet et kryss i lufta. .. Runetegnet X betyr gave eller den givende. X-en kalles også Andreaskorset. Apostelen ville prøve å oppnå salighet og slippe å bli korsfestet på samme måte som Jesus, sin høye herre og Guds sønn. Derfor kalles også Andreaskorset for ydmykhetens kors"
Det er mange tankar mellom kvar replikk i boka, så då er det heilt naturleg at spørsmålet frå Åsleik om Asle vil feire jul med han og Systera, fører til ei nydeleg julefortelling i tankane til Asle før han svarar.

Asle grublar mykje på kva tru er, Finst Gud? Var Gud til før mennesket skapte han? Viss Gud er nokon stad så er han i mørkret. Asle snakkar om at Gud ikkje finst, men han er (2.mos. 2,14). Gud er inni han. Han er òg opptatt av havet som ein stad der Gud er. Skildringane av korleis han bruker pusten når han bed, er reine meditasjonen.

Ved at vi las såpass sakte og fekk kommentert undervegs, opna teksten seg for andre tolkingar enn dei eg såg første gongen. Det var ein kjekk måte å lese på. Eg gjer det med glede når neste bok kjem ut òg. Det vil seie omtrent på same tid i 2020. Så vil du bli med, dukkar det nok opp ei facebookgruppe med namnet " Vi les: Eg er ein annan"

Som Asle seier på s.469:
... den diktinga eg likar å lesa, det er ikkje det den beintfram seier om det eller det som er viktig, men det er noko anna, noko som talar taust i og attom setningane,...
----
Tittel: Det andre namnet. Septologien I-II
Forfattar: Jon Fosse
År: 2019
Forlag: Samlaget
Sidetal: 514
--
Eg er ein annan. Septologien III-V er forventa i oktober 2020
Eit nytt namn. Septologien VI-VII er forventa i september 2021

Kommentarer

  1. For en flott omtale! Jeg har også lest boken, men jeg ble etterhvert lei av alt det kunstneriske som forstyrret handlingen. Skjønner at jeg skulle hatt noen venner rundt meg for å støtte meg videre, så kanskje jeg slenger meg med når neste bok kommer ut :)

    SvarSlett
  2. Høyrest veldig interessant ut. Eg har boka liggjande, men kjem ikkje i gang. Skulle nok ha lese med nokon ja

    SvarSlett
  3. Bli med i lesegruppa på facebook! Nokre av oss har bestemt at vi fortset med å lese Fosse innimellom og skriv litt om det i gruppa fram til neste bok. Bli gjerne med!
    Gruppa har endra namn til "Vi les: Septologien av Jon Fosse"

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om