Alle har eit forhold til jula - julefortellingar

Då eg hadde kjøpt meg kindle måtte eg teste ut korleis eg skulle bestille bøker på norsk. Ei av dei på tilbod var "Julefortellinger". Eg var ikkje så opptatt av å lese boka, bare å laste den ned.

Jula 2019 tok eg meg tid til å lese tekstane. Det var ei blanda oppleving. Hjå nokre er koblinga til jul kanskje litt tynn. Boka startar med Harstad si einsame historie frå Jæren. Stille, ekte og trist. Men det er er håp.
Rottehistoria til Anne B. Ragde er lun med lang hale og mykje einsemd.
Flatland tar tak i jula og saknet etter den som er borte. Brown skildrar òg einsemd og møte mellom menneska.
Mellom linene i Hagerup sin varme juletekst ligg det noko sårt. Jansson si herlege Mummihistorie er til å fryde seg over kvar jul.
Bjørnstad fortel om det å vere glad i nokon utan at det blir noko av det.
Tolstoj sin skomakar er ein klassikar som held seg gjennom tida.
Lindell gjev oss litt førjulskrim.
Undset sin historie var både trist og vakker. Om barn og forståing.
Prøysen toler òg tida. Ein tekst om livet og den som stiller opp.
Egeland og trua på jula.
Piken med svovelstikkene fekk avslutte forteljingane. Den er aldri feil.

Oppsummert: Dei gamle er eldst, men det er nokre yngre som òg kjem til å bli tatt fram igje.

  1. Johan Harstad: Myk pakke. Ei forteljing om einsemd. Vâr og sterk.
  2. Anne B. Ragde: Og de skotter. Om einsemd. Rotter kan òg vere selskap
    • Helga Flatland: Den første jula. Om sakn. Å mangle ein i jula. Fin historie
    • Larry Brown: God jul, Scotty. Gamal, men like fin.
    • Merethe Lindstrøm: Snekkeren
    • Klaus Hagerup: Nå har vi det hyggelig
    • Tove Jansson: Grantreet
    • Ketil Bjørnstad: En julefortelling
    • Tom Kristensen:Nissen finnes
    • Christian Valeur: Ventepølse på julekvelden
    • L. Tolstoj: Den fremmede gjesten
    • Unni Lindell: Hjemmelaget vin til jul
    • Sigrid Undset: Høste juletre
    • Alf Prøysen: Matja Madonna
    • Tom Egeland: En kveld i desember
    • H.C. Andersen: Den lille piken med svovelstikkene

    ---
    Tittel: Julefortellinger
    Forfattar: diverse
    Forlag: Aschehoug
    År: 2013
    Ebok