Notto Thelle er ein klok mann eg gjerne lyttar til. Boka Stillheten og skriket kom ut i år.
Det er ei lita bok sjølv om ho er på 230 sider. Formatet gjer at ho er lett å ta med seg i veska. Lett å plukke opp, lese litt og tenkje meir.
I starten av boka viser han til den stoiske keisaren og filosofen Marcus Aurelius (121-180 e.Kr) som skreiv den vesle boka Meditationes (Stille ettertanker). På norsk har boka fått tittelen Til meg selv. Den stille ettertanken er det han søker. Vi startar livet med eit skrik. Stilla og suset frå mor sin mage er over. Mellom skriket og stilla leitar vi resten av livet etter ord og tankar. Vi snakkar, lyttar. Kanskje den verkelege samtalen byrjar når siste ordet er sagt?
Kan vi lære oss å fornemme lyden av ei harpe utan strengar? Har det moderne livet tatt frå oss stilla og ettertanken? Hiv vi oss over mobilen straks det er ein pause? Greier vi å lese konsentrert over lang tid utan å la oss forstyrre? Kor lenge kan eg sjå på fjorden og la tankane vandre utan å høyre det vesle plinget om merksemd frå mobilen?
Thelle bruker litteraturen, både nytt og gamalt, for å vise meir enn det som står i bokstavane. Få oss til å la teksten leve vidare etter punktumet. Får meg til å tenke ein gong til over tekstar eg har lese før.
Men blir ikkje desse bønene fattigslege? Kor er skriket, sukket, klagesongen? Thelle spør, undersøker og ettertanken er i gang hjå meg. Ka er bøn?
Boka bruker tid på Arnulf Øverland og diktinga hans. Kvifor skriv fornektaren Øverland om Kristus? Kva var det med Jesus? Ingvar Ambjørnsen sine bøker, særleg Opp Oridongo, får òg ein stemme til ettertanke.
Teksten om venen Bjørn Boyesen, har eg lese fleire gonger. Ein organist som ikkje trur, men som elskar kyrkjemusikken. Fryden over at tekst og musikk samspelte.
For meg blei dette ei stor bok. Ei bok som fekk meg til å sitje stille og la orda synke. Ei bok som eg måtte lese stykkevis og stadig trengte å lese høgt frå. Både til meg sjølv og til den som ville høyre. Ho blir nok liggande framme ei god stund.
Eg har tidlegare skrive om boka: Gåten Jesus
---
Tittel: Stillheten og skriket.
Forfattar: Notto Thelle
Språk: Norsk (bokmål)
År: 2019
Forlag: Vårt Land forlag

En god fortelling er som en katedral. Du lokkes inn i helligdommen, overveldes av rommets skjønnhet, nyter strukturene i søyler og hvelv. Du bøyer deg, hvisker kanskje en bønn eller ønsker at du kunne be, men retter deg opp igjen. Du befinner deg i en verden der alt er på plass, himmel og jord, tid og evighet. Det er klare linjer, mening og helhet tydes gjennom bilder og tekster. Men blir det for tydelig?(---)Men den som gir seg tid i katedralen, vil etter hvert oppdage mer. Det dukker opp sideskip og skjulte hvelv, små kapeller med altere for helgener og lokale helter. Man blir var det mørke lyset som siver ut fra skyggene. Man hører etterklanger av musikk og tale. Noe hvisker mot en fra hvelvene. Er det ekko fra glemte tider? Tanker som aldri kom helt frem i lyset, drømmer det ikke var plass til ved alter og prekestol, tolkninger som fortsatte å tale der tekstene satte punktum?Ka er eigentleg bøn? Vår samtale med oss sjølv? Ei bøn til vår eiga sjel som kjelde til energi? Ein form for meditasjon? Søken etter velvære?
Men blir ikkje desse bønene fattigslege? Kor er skriket, sukket, klagesongen? Thelle spør, undersøker og ettertanken er i gang hjå meg. Ka er bøn?
Boka bruker tid på Arnulf Øverland og diktinga hans. Kvifor skriv fornektaren Øverland om Kristus? Kva var det med Jesus? Ingvar Ambjørnsen sine bøker, særleg Opp Oridongo, får òg ein stemme til ettertanke.
Teksten om venen Bjørn Boyesen, har eg lese fleire gonger. Ein organist som ikkje trur, men som elskar kyrkjemusikken. Fryden over at tekst og musikk samspelte.
Evigheten var for ham å høre med i den store sammenhengen, i slektens gang og i musikkens levende univers.Han avsluttar med at det byrjar å bli ei bøn det her. Dette møtet mellom ytterpunkta stilla og skriket. Kontrastane i livet. Godt - vondt. Smerte - fryd. Forsøket på å lytte etter orda i både skriket og stilla.
For meg blei dette ei stor bok. Ei bok som fekk meg til å sitje stille og la orda synke. Ei bok som eg måtte lese stykkevis og stadig trengte å lese høgt frå. Både til meg sjølv og til den som ville høyre. Ho blir nok liggande framme ei god stund.
Jeg må ha plass til troen og tvilen, drømmene og mismotet. Jeg må gi rom for agnostikeren i meg, jøden, buddhisten, muslimen, hinduen, animisten, humanetikeren og kanskje ateisten. Ingen er helt fremmede, for de følger meg i mine indre samtaler, de inspirerer og utfordrer meg, prøver troen og inviterer meg til å lete etter et språk for tro jeg selv kan tro på.Notto R. Thelle er prest og professor emeritus ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Thelle har skrive bøker om teologi, spiritualitet og møtet mellom kristendom og austleg religion.