Gåten Jesus

Dette er ei bok som kom til meg i ein samtale om mykje og mangt. Vi hadde snakka om tru, om trange rom, om å lytte, om å vere open og undrande. Det er så mykje mellom himmel og jord. Har du lese Notto Thelle si bok? Les. Eg veit når dette kloke mennesket meiner alvor. Boka hamna øvst på lista.
Eg sleit litt med å få tak i boka, men Ark har eit godt tilbod. På nettet fann eg at dei hadde ei bok igjen i Østfoldhallane. Etter nokre dagar var ho ikkje lenger der, men her vest i verda.

Eg har nokre gonger lytta til Notto Thelle og han har fått meg til å undre meg over alt eg ikkje veit om austlege religionar. Og til å lytte på røysta. Det er noko stille, lyttande og undrande over han. Samstundes som ein kjenner at han har halde på sin første kjærleik, Jesus.

Etter bøker om vandringar i grenselandet mellom aust og vest, kom altså boka om hovudpersonen i kristendommen i 2009. No ti år etter var det kanskje på tide at eg oppdaga boka.

Framsida. Eg startar med den. Det er eit fumie. Eit tråkkebilete av den krossfesta. Eit tråkkebilete blei brukt til å avsløre skjulte kristne under førfølgingstida i Japan. Menneske dei trudde prøvde å halde det skjult at dei var kristne, blei utfordra til å trø på bilete av Jesus eller Maria. Å trø på det heilagste for å redde seg sjølv. Dei bileta som finst igjen, viser Jesus og Maria utan andlet. Det er tråkka ned. Etter å ha lese kapitlet "Forræderens hjerte" om det er noko tilgjeving for Judas og om den japanske forfattaren Endo som skriv om smerta i sviket, blei eg sitjande og sjå på framsida lenge Tenkte på dei som trør - for å overleve. På smerta å leve med at du har svikta.

Eg har gått att og fram i boka. Gamle bilete har fått nye ord og nytt innhald. Ofte har eg nikka. Her står det eg ikkje har funne ord på, men som eg er einig i. Andre gonger har eg undra meg over vinklingar. Ka skreiv eigentleg evangelistane og Paulus? Kva var det med Jesus og kvinnene? Jesus og dei fattige? Og kvifor tviheld så mange på eit syn Jesus var forbi? Det var dei fattige som hadde namn, vi rike var namnlause. Kvinnene var dei som fekk i oppdrag å fortelje at Jesus hadde stått opp igjen. I dag er det framleis folk som må ha menn til å fortelje slikt før dei trur at det er Guds ord.

Vi blir kjent med utfordraren Jesus. Ikkje den søte i julekrubba. Men han som utfordrar måten vår å tenke på, rikdommen vår, likeverdet, krossfestinga, oppstoda.
Thelle brukar kunnskapen sin frå austleg religion, kunnskapen frå litteratur og musikk når han forklarar og utdjupar.

Ei bok eg har notert i, tenkt på og ikkje er ferdig med. Sjølv om eg har lese siste sida.

Kommentarer