Glad i vin, mat, Frankrike, spenning og romantikk? Sjekk ut Enzofilene


Etter våte, nifse og frydefulle stunder på Hebridane saman med Fin Macleod, drog eg til Frankrike. Eg blei fort fascinert av Enzo Macleoad. Forfattaren av begge seriane er Peter May.

Enzo er tidleg i femtiåra. Han er halvt skotsk og halvt italiensk. Skilt i Skotland og enkemann i Frankrike. Har ei dotter frå første ekteskap og han har vore aleinefar for dotter nr 2.
Enzo er ein mann å bli glad i. Han er einsam, skarp, vinelskar, kokk, sjarmør... Er det rart han lurer seg inn i hjarta mitt saman med hestehalen, Waarderburg syndrom og whiskyen.

Førebels er det bare bok nr 1 i Enzofilene som er på norsk. Eg har skrive om Ualminneleg mennesker tidlegare. Trykk på tittelen og du kjem til bloggartikkelen.

Enzo bur i Cahor i sørvest Frankrike. Han inngår eit veddemål med nokre vener om at moderne teknologi kan løyse krimgåter som ein ikkje greidde å løyse før. Veddemålet går ut på å løyse dei kalde sakene (Cold cases) som journalisten Roger Raffin har gitt ut ei bok om.

I bok nr 1 er vi i Paris og i katakombene under byen. Eg trengte tid for å riste av meg Hebridane og kome under huden på Enzo. Det var ikkje så mykje fart i Ualminnelege mennesker som dei bøkene eg hadde lese før, men eit eller anna skjedde. Eg blei glad i denne langhåra skotskitalienaren og ville ha meir av han, døtrene og dei andre vi treff undervegs.

I bok nr 2 etterforskar han drapet på ein verdskjent vinmeldar. Vi blir kjent med vinområdet Gaillac. Her er det bare å nyte vinsmakinga og prøve å løyse gåta. Vi byrjar å ane at det finst folk som ikkje ønsker at Enzo skal drive med å opne desse kalde sakene. Eg har blogga om boka her.

Dei tre neste bøken om Enzo bloggar eg om samla.


Bok nr 3: Blacklight Blue

Begynte vi å kjenne at det er nokre som ikkje likar det Enzo driv med i forrige bok, så kjem det skremmande nære i denne boka. Dottera Kirsty slepp unna eit attentat mot seg. Politiet meiner Enzo står bak eit drap på ei kvinne og etterforskinga peikar mot han. Samstundes har Enzo begynt på sak nr 3: drapet på ein ung prostituert homofil. Kva er det med denne saka som får det til å bli så utrygt rundt Enzo? Han må no både tenke på å beskytte familien og å løyse krimgåta. Den fører han bakover i tid. Til ei kvinne som stel eit barn og til historia rundt dei som har mista eit barn og ein bror. Her er det altså to spenningshistoriar. Både den rundt Enzo og den gamle drapssaka. Enzo ser til tider spøkelse på høglys dag og er blind der spøkelsene er. No er familien til Enzo ikkje bare bakgrunnsfigurar, men aktive deltakarar i romanen.




Bok nr 4: Freeze Frame


No skal vi til ei øy vest i havet. Her bur det både engelskmenn og franskmenn. Det er eit lite samfunn med eit gamalt drap som ikkje er oppklart. I den siste telefonsamtalen til svigerdottera er det tydeleg at den gamle er redd, og han manar henne til å la alt stå slik han forlet kontoret. Sonen vil forstå. Det er bare det at sonen døyr i ei flyulukke omtrent samstundes...

Øysamfunnet har eit blanda syn på at det skal rotast i gamle saker. Det kan gjere at turistane ikkje kjem. Det blir uro mellom folk. For kven i dette samfunnet ber på ei mørk historie? Kven ville drepe ein fredeleg engelsk pensjonist?
Vi må bakover i historia. Enzo blir utsett både for vold, kvinnelist og overraskingar i nære forhold. Og vi sit igjen med den evige sanninga: mennesket er så mykje meir enn det du ser.


Bok nr 5 Blow Back


Når den kjente franske restauranteigarenog innehavaren av alle Michelinstjernene ein kan få, inviterer pressa for han har noko spennande å kome med, blir han funnen død. Etterforskarane kjem fram til at han er skoten av ein utanforståande. Saka forblir uløyst og restauranten fortset som før med enka og bror til den avdøde som eigarar. Kven drepte han? Kvifor? Det er snakk om spelegalskap, sjølvmord, redsle for å miste ei stjerne. Men ingen veit ka han hadde tenkt å fortelje pressa.

No nærmar det seg vinter og stenging av restauranten for vinteren. Den held trass alt til i fjella. Enzo har det travelt. Med seg på laget får han ei politikvinne som var den første til å kome til drapsstaden den gongen.

Det er spenning, kjensle av å bli forfulgt, ekstremt dyre vinar, god mat og sjølvsagt skotsk whisky. At folka på restauranten veit meir enn dei vil snakke om, er sikkert. Men korleis få dei til å prate? Her er sjalusi, kjærleik, pengar og draumar godt blanda. Og Enzo? Han får seg fleire slag på privaten. Verda er ikkje slik han har trudd og ønskt. Det raknar.

Bok nr 6. Cast Iron

Siste bok og Enzo har to drap igjen. Boka startar med drapet på ei ung jente ute på landsbygda. Saka verkar grei nok. Det er ein mistenkt for drapet. Han sit alt inne for tre andre drap og kjente jenta. Enzo reknar òg med at det er den mistenkte og at han har greidd å kjøpe seg eit alibi.
Saka verkar ganske grei, men no stramar grepet seg rundt Enzo. Han kjem for nære saker som det finst menneske som ikkje ønskjer at skal gravast i. I denne boka er det ikkje bare forsøk på å løyse kalde krimgåter, men no er det på liv og død for Enzo sjølv. Han har kome for nære ilden....
Og han har i tillegg igjen drapet på kona til forfattaren av boka om dei uløyste drapssakene, Roger Raffin.

Spennande er det, til siste side.

Eg er litt lei meg for at det ikkje er fleire bøker med mannen med tofarga augo, skotsk whisky og fransk matglede. I starten tykte eg kvinnene blei for enkle, men det trekker eg tilbake etter som bøkene utviklar seg. Dei har fleire sider.

Serien går heilt fint å lese på engelsk. Også for ei med passe engelskkunnskaper. På Kindle er jo ordboka til hjelp. Sjølvsagt har eg gått glipp av nokre detaljar, men eg har fryda meg med dei eg fekk med meg.

Alle bøkene er kjøpt på Amazon for å lastast ned på Kindle (ebøker)


Kommentarer

  1. Dette høres unektelig ut til å være veldig spennende og interessant! Likte Peter Mays bøker fra Hebridene godt. Flott bok/bøkertips.

    SvarSlett
  2. Desse bøkene er ulike bøkene frå Hebridane. Det er eit tema for kvar bok, men vi blir meir og meir kjent med Enzo og menneska rundt han. Eg likte dei godt på ein annan måte enn bøkene frå Hebridane.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om