søndag 31. mars 2019

Cahor, Paris, katakomber, Enzo og mord.

Peter May. For meg Hebridane, vind, bølger og mord. No vil han ha meg til Frankrike og treffe Enzo, ein skotsk kriminaletterforskar som no er lærar ved eit universitet i Frankrike. Han bur i Cahor, er enkemann og har oppdradd dottera Sophie aleine. I tillegg har han ei dotter frå første ekteskap. Ho er vaksen og bur i Paris, men vil ikkje ha noko med faren å gjere. Ho har ikkje tilgitt han at han reiste frå dei då ho var barn.

Enzo har inngått eit veddemål. Han skal greie å løyse sju av Frankrike sine uløyste krimgåter. Roger Raffin, ein journalist i Paris, har skrive bok om desse. Enzo tar kontakt med journalisten og får hjelp av han mot at journalisten skal få skrive om det han finn ut, først.

Det blir ei spennande reise ned i katakombene i Paris, til universitet for eliten, til nye deler av Frankrike. Nicole, ein av studentane til Enzo, blir litt tilfeldig samarbeidspartnaren. Vi møter både tida før og midt i den digitale revolusjonen. Kven drepte den svært intelligente, men òg eksentriske læraren? Og kvifor?

Dette er ei typisk Peter May historie. Jakta etter å finne ut kven som drepte læraren, er spennande. Men vi får ikkje bare ein kriminalroman, vi får så mange andre historiar på kjøpet. Klassesamfunnet, katakombene, litt psykologi og sjølvsagt er den kjære leiken der. Vi blir godt kjent med Enzo. Det var heilt ok å reise frå Hebridane for å treffe han, så ok at eg ikkje greier å vente til neste bok om Enzo kjem på norsk. Ho er alt lasta ned i engelsk versjon til Kindlen. Denne gongen skal eg visst lære meir om fransk vindyrking... og det er sjølvsagt eit lik der òg.

---
Tittel: Ualminnelige mennesker (Extraordinary people)
Forfattar: Peter May
Forlag: Goliat forlag
År: 2019
Serie: Enzofilene nr 1
ebok

Ingen kommentarer: