Mannebok eller ei stor bok om menneske og maktene?

I februar lytta eg til ein samtale mellom Tore Kvæven og Harald Birkevold på Sølvberget i Stavanger.  Eg hadde ikkje lese den første boka til Kvæven, men var nysgjerrig på denne læraren og sauebonden frå Sirdal så eg bestemte meg for å få med meg denne samtalen. Og det angrar eg ikkje på. Tore Kvæven snakka om kva slags litteratur som opptok han. Jack London og Mikkjel Fønhus var ikkje akkurat ei overrasking, men at han hadde Ajtmatov si bok om Djasmilja som ei av dei store - det overraska. Då vakna eg. Den boka er så var og vakker om kjærleiken og landskapet dei lever i.

Den første boka til Kvæven, "Hard er mitt lands lov", hadde fått eit rykte for å vere mannebok. Ka no det er. Kvæven var òg usikker på det, sjølv om mora hadde meint noko av det same då ho las den. Han trudde ikkje denne kunne gå heilt inn i den båsen. Birkevold, journalist i Stavanger Aftenblad, gav tydeleg uttrykk for at han hadde likt begge bøkene og han såg gjerne at det ikkje tok så mange år til neste bok.

Kvelden gav meg lyst til å lese "Når landet mørknar". Grønland på slutten av 1200-talet var ukjent norrøn historie så kvifor ikkje bli kjent med den tida òg? Eg er einig med dei som har hylla boka. Dette var kjekk lesing. Eg såg for meg landskapet og levde meg inn i folka. Det er nydelege skildringar av natur og menneske. Vi vandrar saman med moskusen som har begynt å lengte etter flokken sin, isbjørnen som er svolten og på jakt etter mat og kvalen sine tankar på flukt frå menneska. Det kryr av bilete som blir til både film og måleri i mitt indre.
Hovudpersonen er Arnar Vilhjalmsson. Han er ung, livsglad og livssterk. Han har vilje, pågangsmot og til tider overmot. Murane var til å kome over, ikkje til å stenge inne.
Tankane hans hadde allereie lenge vore undervegs langs desse nye murane som hadde reist seg, og som brått hadde stengt dei frie horisontane ute. Så langt hadde han ikkje funne gliper i dei, og ingen stad å klatra over, men han skulle koma dit, han skulle leita til han kom dit.

Møtet med Eir gjer det bare meir intenst å leve. At det er andre som òg vil ha henne, er bare ein av dei murane som det kan vere gliper i. Ei sterk kjærleikshistorie.

Bak alt ligg kampen om å overleve. Kampen mellom æresdrap og tilgjeving. Åsatru og Kvitekrist.

Kvæven skreiv "God reise" som helsing i boka mi. Og det blei det. Eg reiser gjerne meir saman med denne forfattaren.

Og PS: eg veit framleis ikkje kvifor den første boka blei sett på som mannebok, men denne var i alle fall ei stor bok om menneske og maktene.

---
Forfattar: Tore Kvæven
Tittel: Når landet mørknar
Forlag: Samlaget
År: 2018
Nasjonalitet: Norsk
Sidetal: 450

Boka vann Brageprisen 2018