Brunst, brennevin, bøker - og mykje meir

Kva er det med desse islendingane? Dei er ca 340.000, bur på ei ustabil øy med jordskjelv og vulkanutbrot. Det er lange, mørke vintrar og korte, men lyse somrar. Her les dei bøker om dei bur langt frå folk og er like tause som fjella rundt seg. Mødre sender diktbøker til tenåringssøner. Koner kastar bøker etter ektemenn. Ektepar les høgt for kvarandre. Det blir sitert både frå dikt og romanar for å få sagt det ein eigentleg prøver å seie.
Er det alt dette som gjer at det stadig dukkar opp spennande diktarar frå denne øya ute i havet? Det er mykje brunst og brennevin for å overleve i mørkret, men det er ikkje nok. Det må ord og himmel til.

Eg har endeleg oppdaga Jón Kalman Stefánsson og er blitt oppslukt. For ei skriveglede! For nokre formuleringar! For ein forteljarkunst!
Eg har lyst til å sitere og sitere frå boka. Her er så mange skattar å samle på.

Boka startar med at Sigvaldi ramlar ned frå ein stige. Han er husmålar i Stavanger. Medan han ligg der på bakken, byrjar han å tenke på dottera, Ásta. Og så er vi bakover i tid. Vi får intenst med oss augeblinken ho vart skapt. Det er heftig det som foregår på kjøkkenbordet og i senga. Foreldra til Ásta er Sigvaldi og Helga. Helga ei vakker femme fatale. Sigvaldi ein fiskar. Dei er ektefolk, elskar kvarandre, men, som Helga seier, ho blei ikkje temd i rett tid slik at ho greier å vere ektefelle og mor. Ho reiser frå alt og det går etter kvart ikkje særleg godt med henne.
Med det samme det første minnet har slått rot i bevisstheten, slutter vi å sanse og tenke lineært, og etter det lever vi like mye i tiden som er gått, som i tiden vi befinner oss i.
Ásta veks opp hjå ei snill fostermor, men blir sendt langt ut på bygda for å lære å temme temperamentet sitt. Her møter ho Josef, ein ung gut som òg skal jobbe på denne aude garden. Han blir den første Ásta opnar seg for. I tillegg til bonden, Arni, bur Kristin, mor hans der. Skildringa av korleis ho vandrar  mellom ulike tider, er ei nydeleg skildring av demenssjukdommen. Perioden her i Vestfjorden, er med i heile historia om Ásta.
Sigvaldi ser på glasset sitt og rister på hodet. Så urimelig at flasken er tom. At glassene tømmes, setninger tar slutt, dagen ebber ut, drømmene løser seg opp. At kyssene ikke vare evig, at vi er nødt til å dø, at hundene våre dør, kattene, naboene, maken, barna våre, barnebarna; at uansett hvordan du gradbøyer dagen, så blir det til slutt natt.
Det må mange folk til for å fortelje historia om Ásta, folk eg blei glad i. Så glad i at eg hadde lyst til å skrike nei, når dei gjekk på trynet. For den kunsten kan dei. Her er det lengt etter den store kjærleiken og redsla for den same kjærleiken. Redsla for å miste fridomen. Redsla for at dette kan ta slutt. Her er det brunst og ønske om nærleik.
Og korleis kan ein leve gjennom vinteren på Island utan brennevinet? Og kor gjer ein av seg når alt går galt?
Når det finst menn som kan skrive så vakre brev om kjærleik og sakn, så - ja, så raknar den vesle skorpa av tryggleik ein gong til.
Ville det vært beboelig på denne planeten, hvis det ikke fantes bukselommer?
Undervegs i historia om Ásta, begynte eg å tenkje på Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset. Det er svært mykje som er ulikt, men det er desse sterke kjenslene som trør over andre for å bli tilfredsstilt. Og som ikkje er tilfreds då heller.
Savn. skyldfølelse. Selvbebreidelse. De tre skytterne som alltid treffer så bra, og rett i hjertet
Dei tre skyttarane er der. Heile tida og treff godt. Både i fortid, notid og framtid.

Det dukkar opp ein forteljar i boka. Han held tak i trådane, men kven er han eigentleg? Og trengte vi historia hans på slutten?

Desse folka som prøver å fikse livet sitt så godt dei kan, dei var verkeleg verd denne forteljargleda av ei bok. Eg storkoste meg og gler meg til meir frå forfattaren.
Og finnes det noe vakrere enn lyset fra et fyr - en sterk lysarm som ikke bare kløver mørket, men som også slynges ut i den mørke natten for å veilede og i blant berge liv? 
---
Tittel: Historien om Ásta
Forfattar: Jón Kalman Stefánsson
Omsett frå islandsk til norsk av Tone Myklebost
Forlag: Press
ebok

Andre bøker av fofattaren: Gutten og Sommerlys og så kommer natten

Kommentarer

  1. Denne boka las eg også i sommar. her var mykje visdom og god forteljarkunst
    ÅE

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om