Ut av ensomheten


Kan vi i lengda leve i to verder? Den verkelege og den vi drøymer oss vekk i? Gjer denne todelinga at vi ikkje er tilstades i det livet vi kunne ha levd? Og korleis hadde livet blitt om eg tok eit anna val, om noko anna hadde skjedd? Ville eg blitt ein heilt annan?

Vi møter ein vanleg familie med mor, far og tre barn. Marty, Liz og Jules. Brått blir alt endra. Foreldra døyr i ei trafikkulukke og ungane hamnar på internatskole. Her har dei kvar for seg nok med å finne sin eigen veg ut av sorga og leite etter fotfeste til framtida. Jules som er minstemann, kjenner seg svikta av søskena og han går frå å vere den eplekjekke, vågale guten, til å bli redd og inneslutta.
På skolen møter han den mystiske Alva. Ho har òg ting i livet å slite med, men fortel svært lite. Venskapet dei i mellom er sterkt, men dei sviktar kvarandre på ulike vis i redsle for å såre seg sjølv. Dei mistar kvarandre etter vidaregåande, men for Jules er ho den store kjærleiken han drøymer om.

Jules, som er hovudpersonen, slit med å finne ut kva han vil etter artium. Han prøver å bli det faren ønskte, men greier ikkje å vere heilt til stades i det heller. Han har vanskar med å knytte seg til andre. Han kjenner det ofte som å vandre i ein skog og ikkje finne ut av den. Ofte drøymer han om korleis det kunne ha vore, viss....

Kontakten mellom søskena, dei ulike vegane dei vel ut av sorga og inn i livet er ein viktig del av forteljinga. Kan ein kome uskadd gjennom slike djupe tap i livet?
Det er bare du som har ansvar for deg og livet ditt. Og hvis du bare fortsetter å gjøre som du alltid har gjort, kommer du aldri til å få noe annet enn det du alltid har fått
Dette er ein kjærleiksroman. Her er død, romantikk, meininga med livet, einsemd osb., men det blir ikkje søtsuppe. Det blir ei så god forteljjing at eg flytta inn i historia. Tenkte på Jules medan eg handla, laga mat og gjekk tur. Livet hans opptok meg. Og korleis kan ein handtere den grunnleggande einsemda inni seg?

Benedict Wells var heilt ukjent for meg, men eg har no oppdaga at denne tyskaren, fødd i 1984, har ei stor lesarskare, særleg blant dei unge. Han er blitt samanlikna med John Irving og har tatt forfattarnamnet Wells frå ei av bøkene til Irving.
Eg les gjerne meir av han.

---
Tittel: Ut av ensomheten
Forfattar: Benedict Wells
Omsett frå tysk av: Ute Neumann
Forlag: Press
Utgitt: 2018

ebok

Kommentarer