Den som inte ändrar sig, blir en annan

Overskrifta er frå G. Ågren.

I mørkaste vinteren byrja eg på to bøker samstundes. To bøker eg måtte ta inn over meg sakte. Tygge innhalde og la orda synke inn i meg.

Bøkene er ulike, men på kvar sin måte svingte dei innom kvarandre og gjorde at eg likte å saktelese dei saman. Begge bøkene er slike som eg må lese med blyanten i handa.

Helge Torvund: Livsfylde Betraktningar frå ei nysgjerrig sjel.
Boka fekk eg i gåve og den har ei  filosoFISK helsing på første side. Og eg smilte tilbake til filosoFISKEN og var klar.
Dei fleste tekstane er tidlegare publisert i Klassekampen.

Eit barn er nysgjerrig, men forsvinn det nysgjerrige sinnet på veg mot vaksen alder? Korleis skal vi halde nysgjerrigheita i live?
I første kapittel siterer Torvund frå J. K. Stefánssons roman Sommerlys og så kommer natten. "... Gamle sagn forteller at mennesket ikke må se på Gud, for det blir dets bane, noe lignende gjelder nok det vi søker etter - selve det å søke etter meningen, et endelig resultat ville berøvet oss det."

Torvund bruker eigen poesi og andre sine tekstar, nye og gamle, blanda inn i betraktningane han har undervegs. Det vidar ut og gjev fleire bilete i sinnet mitt. Og det førte til at eg måtte notere ned forfattarar eg ville sjå nærmare på, dikt eg ville finne ut meir om. Altså måtte dette gå sakte. Ettertanken og det utenkte måtte med.

Her er om å skrive om det vanskelege og vonde, kjøleskapsmagnet-visdom, å forandre rama eg tenkjer i, vaken merksemd, sjelsord, tre, hud, sjølvet, hast, stilla, ro, uro, meining, tida, pust og puls.... Det er tekstar som snakkar til hjarte, til kroppen og tanken.
Den som inte ändrar sig,/ blir en annan (G. Ågren) 
Boka er no full av strekar og smånotat. Ho ligg ikkje langt unna så eg rekk henne når eg treng lese noko om att, eller til å lese og samtale med andre rundt (når denne merkelege isoleringstida er over).


Kjell Arnold Nyhus: U Alminnelig - Jon Fosse og mystikken. 
Boka er frå 2009, men eg oppdaga ho ikkje før eg las første del av Septologien til Jon Fosse no i vinter.

Jon Fosse har fortsett med dei same tema gjennom heile forfattarskapet. Han går bare djupare. Lys, mørke, hund, engel, mennesket, kunsten, stilla, undringa... alt er der framleis. Så boka treff i 2020 òg.
Kjell A. Nyhus er teolog og han får godt fram den kristne mystikken og ulike måtar å sjå Gud på. Fosse er tydeleg på at det er mykje som ikkje kan seiast, mykje det ikkje finst ord for. Gud er fjern og veldig nær. "Gud er et Ord, et usagt ord" sa Mester Eckhart. Og mester Eckhart vises det ofte til i teksten. Koblinga mellom Jon Fosse og Eckhart er tydeleg.

Nyhus får fram djupna i Fosse sine tekstar på ein fin måte. Eg finn meir enn før, og eg får lyst til både å nylese tekstar eg har lese og gler meg ekstra mykje til neste bok i Septologien. Denne boka er òg full av strekar og smånotat etter lesing. Ei bok som vil ligge klar ved sida når eg les Fosse framover.

Boka startar med eit utdrag frå Aftonlandet av Pär Lagerkvist:

Överalt, i alle himlar finner du hans spår
alle rymder är fyllda av hans hemliga tecken,
alle höjder, alla djup av hans skrift, som han bara själv kan tyda.

Og väldiga, varför lär du oss inte läsa din bok.
Varför för du inte ditt finger utefter tecknen
och lär oss stava och förstå så som barn.

Nej, det gör du inte. Nogon skolmästare er du inte.
Du låter det vara så som det är. Obegripeligt så som det är.

Det er slik vi møter menneska hjå Fosse. I møte med kvarandre, med livet og trua. Den ordlause samtalen. Lar oss finne gjenklang, ofte ordlaus gjenklang. Vi veit bare at slik er det. Men orda er der ikkje. Og det er meir enn vi greier å ta tak i.

---
Forfattar: Helge Torvund
Tittel: Livsfylde. Betraktningar frå ei nysgjerrig sjel
År: 2019
Forlag:Jæren Forlag
-
Forfattar: Kjell Arnold Nyhus
Tittel: U Alminnelig. Jon Fosse og mystikken
År: 2009
Forlag: Efrem forlag

Kommentarer

  1. Jeg har tenkt jeg skal lese denne boka av Torvund. Jeg bor på stedet han er fra og diktene hans har alltid vært her, for meg.
    Fosse har jeg ikke et forhold til, emn det er en forfatter jeg føler jeg absolutt burde lest :-)

    SvarSlett
  2. Prøv deg på Fosse. Start med Morgon og kveld. Eg skreiv om den i kveld. Torvund er ei stjerne for meg. Han får det vesle til å bli stort.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om