Aldri blir døden den same

Denne nydelege boka av Jon Fosse er todelt. Dei første 16 sidene handlar om at eit barn, som skal heite Johannes, og bli fiskar, blir født.
Resten av boka handlar om at ein gamal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr.
Og dei sidene gjev oss eit anna bilete på døden. Dette biletet møter vi i fleire av bøkene, men eg har ikkje lese det så, kanskje det er feil å seie det slik, men det er så vakkert. Så ekte og for meg truverdig.
Havet blir heilagt. Havet det uendelege som bare er. Kanskje er havet eit ekstra sterkt bilete for oss som lever ved havet. Som har stått ved havkanten og sett det uendelege. Drøymt oss ut, sett kor små vi er og kor sterkt havet er.

Johannes opplever at det ein spesiell dag. Han møter bestekompisen, Peter igjen. Tenkjer i to sekund at det er rart for Peter er vel død? Men han blir meir opptatt av korleis Peter ser ut på håret. Han treng eit klipp og dei to har klippa kvarandre gjennom eit langt liv. Han syns Peter gjer rare ting, men han er med på det. Han ser verda både utanfrå og innanfrå.

No er du òg død Johannes, seier Peter I dag tidleg døydde du, seier han Og sidan eg har vore din beste venn, så vart eg send for å hente deg, seier han 
Men kvifor har vi fiska krabbe? seier Johannes Du måtte venje deg av med livet, noko måtte vi berre gjere, seier Peter 
I boka U Alminnelig av Kjell A. Nyhus skriv han om Fosse og havet. Om det heilage havet. Han minnar oss om at båt, sjø, fisk, strand, lys er Jesufortellingane sine rekvisittar. Og dei kjem igjen og igjen i Fosse sitt forfattarskap.
"Å lære å dø. gjør ikke verden mindre, men åpnere. God litteratur utvider virkeligheten. Den lille døden fordrer et visst mot, for det handler om å slippe taket. Det handler om tillit. Det finnes en stabil grunn i dypet av alt Fosse skriver. Det er noe som bærer; det hellige hav" (s.90 i U Alminnelig av Nyhus).

Eigentleg har eg bare lyst til å seie: LES, LES! Dette er Fosse for deg som ikkje tør lese Fosse.

--
Forfattar: Jon Fosse
Tittel: Morgon og kveld
Forlag: Det norske samlaget
Årstal; 2000 (mi utgåve er hefta og frå 2001)

Kommentarer

  1. Å, ja! Denne boka er nydelig - tusen takk for påminnelsen! Jeg tror jammen meg at jeg må lese noe av Fosse snart, for nå er det lenge sia. Slike bøker trengs også!

    SvarSlett
  2. Eg er så einig i at slike bøker treng vi. Eg gler meg veldig til neste bok i Septologien

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om