Eg er ein annan

 

Endeleg kom dag tre, fire og fem i Septologien til Jon Fosse. Boka Eg er ein annan. Nummer to av tre. Den første heiter Det andre namnet og eg skreiv om den i fjor. Då var vi med i dei to første dagane opp mot jul. No er det dei tre neste dagane unnagjort. Boka Eg er ein annan er unnagjort. 
Eg sit igjen med tankar om at når dei to siste dagane kjem, så må eg lese dei alle tre i lag. Det er noko suggererande over bøkene. Dei gjentar det same samstundes som det er endringar. Vi blir kjent med Asle som barn, ungdom, vaksen, gamal... Asle er to og ein . Guro er to og ein. Nokre får er bare ein. Foreldra, Åsleik, Beyer. Heile tida dei to vegane Asle kan gå /har gått. Den eine Asle går det gale for. Alkoholisert og sjuk. Den eine Guro slit òg. Den andre kjenner vi bare som Systera førebels. 

Asle har mange trekk som liknar på forfattaren. Kanskje dette er ei form for sjølvbiografi?

Fosse skriv utan punktum, men med mange komma. Han hoppar i tid midt i ei forteljing. Det kan høyrast rotete, men ein kjem fort inn i det. Det er som puls og hjarterytme. Du er i rytmen. Samstundes som du les sakte for å la orda synke. Kva stod det her? Forstod eg det?

...Gud ikkje er allmektig, han er mektig igjennom si avmakt, det er Gud der han som Jesus Kristus heng i si avmakt som gjev makt, som gjev allmakt, for æva, ja Gud, er avmakt og ikkje makt, tenkjer eg, i alle fall tenkjer Ales det slik, tenkjer eg og tenkjer at kanskje er det berre tome tankar, men eg tenkjer det no slik, at det er avmakta som gjev allmakt, men kva eg tenkjer og ikkje tenkjer det har lite og inkje å seia, tenkjer eg...

I Brenner intervjuet i NRK (sjå lenke lenger nede) seier Fosse at han ikkje kan seie stort om Gud. Ateistane veit så mykje om Gud, så mykje at dei kan seie at dei ikkje trur på han. Men Fosse kjenner at han ikkje kan seie så mykje om Gud og om han trur på han. Det spørs vel heller om Gud trur på han. Men Asle i boka, han er innom Gud og tru, stadig vekk. Det krev noko av meg som lesar. Å leite bak orda. Forstå.

.. Gud løyner seg heile tida, ja det er som om han syner seg med å løyna seg, i livet, i tinga, i det som er, ja sjølvsagt også i eit målarstykke, og kanskje er det slik at di meir Gud løyner seg di meir syner han seg, og omvendt, ja di meir han syner seg, eller vert synt fram, vert påstått å vere slik eller slik, di meir løyner han seg, tenkjer eg, ja at Gud openberrar seg igjennom å løyne seg, og det er i den løyndomen Gud er, i Guds løyndom, at eg kam gløyma og gøyma meg sjølv, og berre der, tenkjer eg, og dette er ikkje til å skjøna,....

På slutten lovar Asle å bli med Systera til Åsleik og feire jul. Det fører samstundes til angst. Han reiser seg frå middagsbordet heime hjå Åsleik og dreg heim. Og der sluttar vi.

Kvar kveld sluttar med Ave Maria og meditativ bøn. Inn og utpust. Eg tar meg i å bli med på pusten. Litteraturen er som eit musikkstykke. Vi har eit hovudtema, det dukkar opp undertema, hovudtemaet kjem tilbake, så eit nytt undertema... osb.... Det bølgjer att og fram.

Og no må eg vente til hausten 2021..  Eg trur at Jon Fosse vil stå igjen som den største norske forfattaren mi vår tid. Dette er STOR litteratur!

Hans Olav Brenner og NRK med eit godt program om Jon Fosse (2019) 

NRK Bokprogrammet: Grottebuaren (med Siss Vik) (2013)

Kommentarer

  1. For en flott omtale! Jeg har lest begge bøkene, var litt skremt etter den første, men den har krpøet innpå meg, frem til denne her kom. Nå gleder jeg meg til tredje og siste bok, neste gang en gang.
    God nyttår Aud!

    SvarSlett
  2. Godt nytt år til deg òg. Og takk. Eg syns han piner oss veldig med å la oss vente til september

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om