Tre heilt ulike bøker

Eg har reist litt i det siste og då får eg lese litt. Denne gongen er det tre heilt ulike bøker som har vore med på reise.

  • Burning bright av Tracy Chevalier (på norsk: Uskyld)
  • Jupiters Öga av Oline Stig
  • Det glade vanvidd av Elin Ørjasæter
På reise likar eg å lese engelsk og Tracy Chevalier plar vere såpass kjekk å lese at engelsken går fort og greit. Men denne boka starta eg på i sommar og blei ikkje hekta. Tidsbileta frå det gamle London er til tider fascinerande, men personane får lite kjøt og blod. William Blake blir aldri den personen eg trudde han skulle bli. Får ikkje kjøt på seg. Trur ho levandegjer eit dikt av Blake, men eg heng altså ikkje heilt med.
Boka ligg igjen i Monterosso. Håpar nokon får glede av den.

Oline Stig var heilt ukjent for meg. Boka, Jupiters Öga, var ei gåve. Tema: Kva gjorde at farfar blei nazizt under krigen? Kvifor vel vi det vi gjer? Boka er ei blanding av fakta og fiksjon. Skjelettet er farfar og farmor som meldte seg inn i NS i 43. Men personnamn og sjølve historia er oppdikta etter det eg forstod. Eg blei engasjert i historia. Ho fekk tankane i gang. Boka har ingen bastant konklusjon, men sit at med spørsmålet om det var redsle eller eit menneskesyn at akkurat eg er veldig spesiell som gjorde det...
Eg mista boka på heimreisa. Ligg truleg på Gardermoen. Der stressa eg ganske mykje med å kome meg gjennom eit lite kundevenleg system. Tilsette som ikkje har sans for service, men sans for makta dei har. Så eg fekk fram mykje sinne og mista ei bok. Den flyplassen er bare for reiser direkte til Oslo, må unngås for mellomlandingar.

Så var det den siste boka: Det glade vanvidd. Twitterdronninga @orjas får sagt det. Boka er i kåseriform. Ho skriv om familie, karrierejaget, møtet med skolen, idrettslaget, kroppsfikseringa mm på spissen og får meg til å le og til å nikke gjenkjennande. Ei lettlest bok. Eg storkoste meg og nytta høve til å lese både det eine og andre sitatet til dei som var i nærleiken.

Kommentarer