Snakk sant om livet

Olaug Johanna Vervik Bollestad er i skrivande stund nestleiar i Kristeleg folkeparti, landbruks- og matminister og har funne forma som fru Larkins på instagram. 

Olaug Johanna Vervik vaks opp på Jørpeland. Eg vaks opp i nabobygda Tau. Ungdomsskolen var felles for alle ungdommane i kommunen så vi gjekk på same ungdomsskole. Men ikkje på same trinn. Olaug har eg alltid visst kven var, men eigentleg aldri kjent. Så sjølv om eg sjeldan les politikarbiografiar, blei eg nysgjerrig på denne.

Oppveksten på Jørpeland var interessant. Mykje kjent i skildringa av miljøet. Det er jo alltid kjekt å lese. Historia om mora og oppveksten er sterk. Ho har den vaksne sin refleksjonen over kva faren skulle ha gjort, men er samstundes veldig bastant på at "alt  brørne mine gjorde, var fantastisk, syntes hu. Alt eg gjorde, var feil.". Er det den vaksne reflekterte, eller barnet Olaug som meinte det?  Var ho redd for å vise korleis dei hadde det heime, så var ho ikkje redd for å vise kva ho meinte utanfor heimen. Ho vil bli sett og høyrt. Ho er på mange måtar eit løvetannbarn. 

Overgrepet ho opplever frå ein misjonsleiar og måten slikt blei (og kanskje blir) dempa ned i organisasjonane, får ho tydeleg fram. Korleis skal ein ha tillit til at slike organisasjonar tar godt vare på barn og unge når dei ikkje forstår kva overgrep gjer med eit menneske? At Olaug Bollestad tar dette opp, er svært viktig.

Ho fortel om vegen mot politikken og kva ho gjorde for folk som ringte til henne som ordførar og trengte hjelp. Her er det handlekraft til tusen. Men eg veit lite om ho endra systemet slik at folk som ikkje ringte til ordføraren òg fekk hjelpa dei trengte. Den same tanken sit eg igjen med etter det sterke kapitlet om mannen som får hjernehinneblødning. Her sloss ho med nebb og klør. Nyttar alt ho kan om sjukehus og sjukdom. Ho er utdanna sjukepleiar og har leia fleire avdelingar på Stavanger Universitetssjukehus. Ho aksepterer ikkje det som skjer. Dette redda truleg mannen. Men kva med meg om eg hadde vore i liknande situasjon? Eg hadde ikkje visst om sommarvikarane gjorde rett eller gale. Då blir det nesten som den telefonen til ordføraren. Har ho fortsett å sloss politisk for at ingen av oss andre skal bli utsett for det som mannen hennar blei? At maskinar ikkje verkar, at det ikkje er dyktige fagfolk heile året på jobb, at det ikkje er tilfeldig om det går godt eller gale?

Då er vi ved det svakaste punktet i boka. Politikaren Olaug Bollestad. Det er mest om korleis ho personleg ordnar og fiksar. Får ho kritikk er svaret at ho gjorde det beste og ville det rette. Det er jo fint, men kva med å vite litt meir om tankane bak? Ho fortel innlevande om smertene etter knall og fall før ho skal på TV2 -nyhetene og svara på spørsmål om Moria-leiren. Smertene kunne eg kanskje fått vite mindre om, men gjerne meir om kva tankar nestleiaren i Krf meiner om regjeringa ho sit i, sitt syn på å ta i mot flyktningar. 

Språket er lett, det er humor og alvor, men det blei mykje eg fiksar og ordnar.  Altså ei heilt grei bok, men ikkje ei eg treng å ha i bokhylla.

---

Tittel: Snakk sant om livet
Forfattar: Olaug Bollestad/Kjersti Mør
Forlag: Samlaget
År: 2021