Seks bøker eg lytta til og ei eg lånte på biblioteket

 Det har blitt lite blogging i det siste. Det er som om bøker eg lyttar til ikkje set seg så fast at eg kjenner eit behov for å skrive om dei. Eg har reflektert litt rundt det i eit tidlegare innlegg

Så her, mest for å samle meg sjølv - lydbøkene:

Torgny Lindgren: Minnen
Ei fin lita bok å lytte til. Han skriv sine minner, men kva som er sant og har hendt på riktig det får vi aldri vite. Herleg humor. Eg tilrår Svensk språk. Lydbok. Forlaget Norstedts (2010)

Selma Lagerlöf: Vägen mellan himmel och jord (och andra noveller)
Lagerlöf skriv gode noveller som det alltid er kjekt å lytte til. Her er folketru, segner og leik. Den eg likte best, var den første. Altså tittelnovella. Eg tilrår. Svensk språk. Lydbok. Forlaget SAGA Egmont (2014)

Isabel Allende: Den japanske elskeren
Eg er svak for Allende. Og denne hadde noko varmt og sårt over seg. Alderdom, krig, rasisme og ung og gamal kjærleik. Eg tiltrår. Lydbok. Norsk språk. Gyldendal Norsk forlag (2022)

Gaute Heivoll: Himmelarkivet
Denne sette seg fast. Sterk og forsiktig på same tid. Kva skjedde dei ni dagane Louis Hogganvik var på Arkivet, Gestapo sitt berykta hovudkvarter i Kristiansand. Kvifor tok han sitt eige liv? Kvifor blei han tatt til fange i 1945? Vi får bli kjent med ei livshistorie og det som ikkje blir snakka om. Eg tilrår! Lydbok: Norsk språk. Tiden norsk forlag (2022)

Annie Ernaux: Den unge mannen 
Nobelprisvinnaren Ernaux er det alltid kjekt å lese. Dette kan vel nærmast reknast som ei novelle eller veldig kort roman. Godt vaksen forfattar får seg ein ung mann til elskar. Eg har lese betre bøker av Ernaux og denne kjem til å blafre forbi i tanken utan å setje seg fast. Eg tilrår heller fleire av dei andre. Norsk språk, Gyldendal norsk forslag (2023)



Helene Uri: Katalog over mine menn
Denne blei eg skuffa over. Helene Uri skriv bra, men eg forstod så altfor tidleg kor dette bar hen og personane begynte å kjede meg. Ei kvinne med svakt hjarte på så mange måtar. Norsk språk, Gyldendal norsk forlag (2022)




Så var det den eg lånte på biblioteket:
Tor Åge Bringsværd: Den himmelske makrell
Dette er ein tankevekkande science fiction roman. Her er nok til å tenke over og bli skremt av, men òg herleg mykje humor. Mange menneske er blitt sjuke. Dei ser ting andre ikkje ser. Dei blir isolert på eit eige område og pleiarar kjem innom for å intervjue dei og finne ut kva dei lir av. Kan dei snakke med døde? Eller er dei ikkje døde? Det blir forska på kva som har skjedd og kva som skjer med desse menneska. Eg lytta ikkje. Eg las!
Eg tilrår!
Cappelen Damm (2023)



Kommentarer