Eldre - gamal - eldst

Eigentleg er det fascinerande at vi først blir eldre, så gamle og til slutt eldst. Eigentleg skulle vi vel vere gamle først?

Eg har lese sakprosa. Eller.. det var så mykje meir. Det var blikket til  forskaren, legen, nevropsykologen, romanforfattaren. psykologen, filosofen, psykiataren, teologen, sjukepleiaren, filosofen... Og alle meinte noko om aldring. 

Dei stilte mellom anna spørsmåla: Kva vil det seie å bli eldre i dag? Kva betyr det for samfunnet at det blir stadig fleire eldre?

Ein tar for seg kva det ville seie å vere gamal i eit vandrarsamfunn. Eit samfunn der alle måtte vere til nytte. Skulle dei gamle avlivast eller bare settast igjen? Andre tar for seg at alle vil vi leve lenge, men gamle vil vi ikkje bli. Det finst framleis kulturar der dei gamle er eldst og har stor respekt. Og kulturen som utviklar seg her, der ungdom er idealet og alderdom fører til utanforskap. Bare orda, ein tsunami av eldre og eldrebølga, fortel sitt om kva ein tenker om "problemet". Og kva vil skje når ein ikkje lenger ser verdien i eit liv som kostar samfunnet pengar?

Det er to tekstar av Ole Jensen, ein dansk professor i teologi. I den første skriv han om det å vere eldre. Om det gode å vere to som kjenner kvarandre godt. Om å gje blaffen i ein del reglar. Men òg om å kjenne på at ein gløymer og at kroppen ikkje verkar slik som før. Om tankar rundt aktiv dødshjelp og det å halde folk i live sjølv om ein ser slutten. Den andre teksten er skriven det året han døyr (2021). Noko har skjedd. Han er blitt pasient og er på pleieheim. Han kjenner seg som ein olding og har tankar rundt det å miste seg sjølv, sin verdi. Det er ganske sterkt å lese.

Ein artikkelen tar for seg kva livssynet ditt gjer med alderdommen din. Det ser ut til at: "Åndelighet og religiøs deltakelse har, i likhet med et sunt kosthold, mosjon, mental stimulering, sosial tilknytning og egen mestringsevne, positiv effekt på livskvaliteten og hvordan livets avslutning oppleves (Lavretsky, 2010). I forlengelsen av dette er det plausibelt å tenke seg at livssynsfellesskap som ivaretar livets åndelige dimensjon, er positivt for den eksistensielle helsen.

- fellesskap som ivaretar livets åndelige dimensjon, er positivt for den eksistensielle helsen

 Kva med dei gamle og dei unge? Vi har eit brot i norm-orienteringa. Det er ikkje lenger slik at det er same målorientering som foregår og at ein kan lære av dei vaksne. Dei unge er meir fråkobla den historiske samanhengen på dette området no. Ein av forfattarane skriv ein del om kva det gjer med dei unge. Samstundes tar han for seg dei koblingane der dei unge og dei eldre er saman og dei i midten ofte er utanfor. Miljøkampen til dømes. 

Dette var ei bok som fekk meg til å reflektere, til kanskje å endre litt syn, men òg til å sjå kor viktig ein sjølv er, både i val og tankar, for å få ein god alderdom. OG ikkje minst kor viktig eit nettverk med menneske som deler tankar, turar, gleder og sorger med deg, er.

Ei viktig bok. Og ei god bok.

Eg tilrår.

---

Tittel: Aldring. Nye forutsetninger i en ny tid
Redaktørar: Ingelin Testad, Geir Sverre Braut, Arnfinn Fiskå og Mona Halvorsen 
Forlag: Spartacus forlag/ SAP Scandinavian academic press
År: 2023


Kommentarer