Pesten av Camus


  I 1947 kom Albert Camus med boka Pesten. Den skildrar ein algerisk by, Oran, som blir isolert fordi det er pest i byen. 

Det heile startar med at det døyr rotter i mengder og så byrjar menneska å bli sjuke. Feber, byller, pusteproblem osb. Hovudpersonane er legen Rieux, Grand byråkraten som leitar etter dei rette orda, den framande Tarrou, journalisten Rambert og Cottard, mannen som har ei lyssky fortid.

Kva skjer med menneske som blir isolert frå andre og får bare vere i byen? Det kjem ikkje tog eller båtar inn. Det er vakt rundt byportane. Og blir ein i familien sjuk, hamnar du i tillegg i karantene og kan ikkje gå ut blant folk. Rundt deg døyr menneska som fluer. Legane kjemper for harde livet, men det manglar vaksine og det dei bestiller utanfrå, kjem ikkje når dei treng det,

Nokre menneske blømer i dette intense livet, andre blir deprimerte. Nokre trur det må vere ei straff frå Gud, andre at det er slik livet kan vere. Nokre gjer ein innsats for å kjempe i mot spredningen, andre vil bare kome seg ut av byen. Der ute er kjærasten, ektefellen, familien og livet. Tenk om den andre ikkje er den ho/han er blitt i draumane til den innestengte? 
".....Men jeg må likevel si: Dette handler ikke om heltemot. Det handler om ærlighet. Det er en tanke som kan virke latterlig, men den eneste måten man kan bekjempe pesten på, er med ærlighet." "Hva er ærlighet?" spurte Rambert, nå var han alvorlig. "Jeg vet ikke hva det er i sin alminnelighet. Men i mitt tilfelle vet jeg at det betyr at jeg gjør jobben min"
Det var mykje i denne boka som stemmer med slik vi har det i dag, så kanskje Camus viser at pest er pest til alle tider. 
Han får tydeleg fram kampen mellom det onde og det gode. Vil det onde vinne? Pesten ligg på lur, sjølv etter at den er slått ned. Ein dag bryt den til på nytt, når vi minst ventar det. Det onde er der alltid.
Rieux er like nervøs for at folk skal slappe av når dei opnar byen, som vi er i dag. Dei fann ein vaksine, men vil den hjelpe i neste omgang. 
Et hederlig menneske er han som nesten ikke smitter noen, han glemmer seg minst mulig. Det er litt av en viljeanspennelse som må til for aldri å glemme seg!
Ei bok verd å lese!

Solum Bokvennen trefte godt med å utgje boka på nytt akkurat denne våren. 

---

Forfattar: Albert Camus
Tittel: Pesten
Omsett frå fransk
Omsetjar: Christine Amadou
Forlag: Solum Bokvennen
År: 2020
ebok- loc 4005