Olive - igjen.

Kan det bli for mykje Olive i livet? Jack, Olive sin andre ektefelle, lurer litt på det, men konkluderer med at han treng ei Olive i livet. Men Olive er ei du lett både kan stikke deg på, få sår av, men òg bli synleg saman med. No er ho blitt gamal og har sitt å stri med.

I romjula 2018 kom eg tilfeldig over både forfattaren Elizabeth Strout og boka Olive Kitteridge. Mattelæraren som slit med dei sosiale kodene. Les gjerne kommentaren til den første boka: Olive Kitteridge - ein heil landsby.
Eg blei glad i Olive. Og eg blei frustrert over Olive. Ho gjorde så mykje dumt, når ho eigentleg meinte det godt. Det var så lite filter i henne, og ho var ikkje akkurat ei som prøvde å gjere folk til lags. Ho ville bare vere sann og hadde sitt syn på det meste. Eg hadde ikkje lyst å slutte med Olive då siste side dukka opp.
Forfattaren var tydlegvis ikkje ferdig med henne, ho heller. Så i slutten av 2019 kom "Olive, again".

Boka startar kort tid etter at den andre slutta. Olive er enke, men har møtt Jack. Denne mannen som syns det kan bli for mykje Olive, men som òg forstår at han treng Olive i livet. Og at ho treng Jack i sitt.
Olive er sta. Og Olive forstår ikkje kvifor folk reagerer som dei gjer når ho seier det som det er og gjer det ho meiner er rett. Med alderen kjem ettertanken òg angeren. Angeren over at ho har vore så streng med mannen, og med alle rundt seg. Olive likar ikkje det som skjer. Både anger og alderdom er vanskeleg. Kroppen byrjar å gjere som han vil og ho blir meir avhengig av andre. Ikkje lett for ei som vil greie seg sjølv og som har vanskar med småprat og ingenting. Ho prøver tappert å stoppe seg sjølv når ho oppdagar kva som er på veg ut av munnen.

Kapitla i boka er som noveller. Vi møter ulike personar i den vesle byen i Maine. Gjennom desse får vi glimt av Olive. Oppdagar folk som er glad i henne, som set pris på denne hurpa utan filter. Vi møter òg dei som gjerne skulle dukke henne litt.
And it came to him then that it should never be taken lightly, the essential loneliness of people, that the choices they made to keep themselves from that gaping darkness were choices that required respect: This was true for Jim and Helen, and for Margaret and himself, as well.
Dette var ei finfin bok om å bli gamal, om einsemd og kor mykje vi treng kvarandre. Eigentleg.
Boka kan lesast for seg, men du ta gjerne med Olive Kitteridge frå starten av. Denne store kvinna med skarpt blikk og sylskarp replikk treng du i livet.

(den er omsett til norsk)
--
Tittel: Olive, again
Forfattar: Elizabeth Strout
Språk: engelsk (amerikansk)
År: 2019
Forlag: Penguin Random House
ebok


Kommentarer