Sommarreisa - heile verda blei helsa på.

Det fantastiske med sommardagar og ferie er alle dei bøkene som ligg der og ventar på meg. På lesetid. På lat tid. Denne sommaren har eg flytta meg rundt langt tilbake i tid og omtrent i heile verda. 

Her er nokre glimt frå reisa:
I eit tidlegare innlegg har eg skrive om Boken for glemte ord av Pip Williams. Eg likte boka så godt at eg ville lese meir av forfattaren. Pip Williams er australsk forfattar, men desse to bøkene er lagt til Oxford, England. I The Bookbinder of Jericho møter vi fleire av dei same personane som i den første boka. Men no opplever vi bokbinding, boktrykking og livet i byen frå ei anna side. Dette er rundt 1.verdskrigen. 
Vi møter ei ung kvinne som har ansvar for tvillingssøstera si. Dei lever i ein husbåt og arbeider på boktrykkeriet i byen. Og vi møter krigsflyktningar frå Belgia. Fattigdom, traumer og kor lenge skal ansvaret for eit anna vakse menneske vare, er tema som blir tatt opp.
Eg likte boka godt, men likte nok den første best.
---

Katherine Mansfield er fødd i New Zealand i 1888, men reiser til Europa då ho blir vaksen. For meg var ho ukjent til Skald forlag (som vanleg) gjorde meg merksam på henne. Og kva er meir perfekt enn hageselskap om sommaren?
Forfattaren blir rekna som ein av dei mest framtredande modernistiske forfattarane. Fortellingane hennar fokuserer ofte på situasjonar med brot. Dei er bygd på stemningar og impulsar. Ho var veninne med Virginia Woolf 
Boka Hageselskapet og andre forteljingar møter vi overengasjerte, lengtande, einsame, fasadeopptatte og innestengte kvinner. Gjennom små setningar og bilete, kjenner eg både sorg, sakn og lengt som er i menneska. Ofte langt inne for dei skal jo ha fasaden på plass. 
Eg tilrår!
---

Eg måtte jo som alle andre, lese våren og sommarens snakkis - Sosialistenes guide til Bibelen av Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug. 
Og det er jo imponerande korleis dei har fått Bibelen som tema i tv, radio, litteraturkveldar mm. Og gitt andre lyst til å lese Bibelen. Rett før dei var ferdige med å lese, var dei i Kampen kyrkje (står om det i boka). Eg var der og tankane deira, særleg Marhaug sine refleksjonar, gav meg lyst til å lese.
Boka viser tydeleg kva dei fann av støtte til eigen politikk: Arbeid mot fattigdom, dele godene osb. I mellom er det eigne refleksjonar frå kvar av dei. Dei mest interessante er Marhaug sine. Boka er kjekk lese, men eg syns dei går litt med haralabb over ein del. Kanskje litt vel lettvint. MEN det skal dei ha, dei får oss til å lese og reflektere over Bibel-tekstane. Og dei skriv godt.
Vi tror også at Bibelen på noen måter har gjort oss til bedre mennesker
---

Tomas og Jannes umulige lesesirkel på Sølvberget i Stavanger har gitt oss oppdraget å lese Demringen av franske Colette til litteraturfestivalen i Stavanger, Kapittel 26. Colette sitt heile namn er Sidonie Gabrielle Colette (1873-1954).
Boka kom ut i 1928 og er overraskande open om det modne kvinnelivet, om kjærleik, mor/dotter, det som gror osb.
Språket er både poetisk og frekt. Eg tok meg i at eg las for fort. Eg fekk ikkje smakt skikkeleg på språket så kanskje eg må lese ein gong til.
Jeg presset ham ikke, for det sømmer seg jo ikke å tvinge psykologi på en mann som er usikker på skjorteknappene og skolissene sine

 Eg tilrår!

---

Eg måtte til Russland ein tur. Og til Anton Tsjekhov (1860-1904). Han blir rekna som ein av dei største novelleforfattarane i verda. Han var før både James Joyce og den før nemnte Mansfield med å bruke medvitsstraumsteknikkar. Mange modernistiske forfattarar står på skuldrene hans. Han skulle stille spørsmål, ikkje svare på dei.
Eg las ei samling med fire noveller: Et legebesøk. På hjemlige trakter. Hjemme på godset og Naboer.
Novellene er skrivne på slutten av 1800-talet. Det er fire historiar som handlar om kvinner i situasjonar der dei nesten blir kvelt av dei sosial konvensjonane og forventningane i familiane. Det er forteljingar om den manglande makta til å styre sitt eige liv. Og om styrke til å bryte dette. 
Her er borgarskap som slit økonomisk, industrisamfunnet som veks fram. Arbeidarklasse og overklasse.  På mange måtar kjente eg igjen kvinnene i Mansfield bok frå det newzealandske landskapet med desse. Sjølv om fargane er rikare og tida er blitt bittelitt modnare.
Tsjekhov kan skrive og er ein forfattar som står seg godt i dag òg. 
Eg tilrår!
---

Så over til noko heilt anna. Til fots - en filosofi om å gå av Frédéric Gros. Eg liker å gå. Fort og sakte. Frå A til B. Og utan noko mål. Bare gå. Det viser det seg at mange kjentfolk òg likte å gå. Denne boka filosoferer over kva det gjer med deg når du går og kva det betydde for Nietzche, Rimbaud, Thoreau, Rousseau, Stevenson, Emerson, Nerval, Kant; Gandhi..
Pilegrimen. Byflanøren. Filosofen. Den melankolske vandraren. Den politiske vandraren. Og mange fleire.
Denne boka las eg stykkevis. Måtte gruble litt over det som stod der. Ta inn over meg gode stykke. Ei bok eg kjente eg kjem til å sitere jamnleg i frå. Her er så mykje godt om kva det gjer med oss når vi går. Om det er for å tenke, for å rømme, for bare å gå.
Å gå. Det er som om ørene puster lettet ut, stillheten man tar imot, blåser som et friskt vindkast og jager skyer på slukt.

 Eg tilrår!

---

Langsomt lukker jeg døren av Linda Olsson
Eg har lese fleire bøker av Linda Olsson som eg har likt godt, og gledde meg stort til å lese denne. Og blei skuffa. Eg trudde ikkje heilt på historia. Hovudpersonen, ei kvinne rundt 40, oppførte seg som om ho var 16 og utan livserfaring. Historia blei tynn. Men innimellom var det fine glimt. 

Dødsryddig av M. Magnusson
Denne hadde eg høyrt mykje om og eg er jo i ein alder der ein av og til tenkjer at andre skal rydde opp etter meg - ein gong der framme. Eg var vel på jakt etter tips til rydding i heimen. Men her var lite nytt. Dei fleste av oss som er bittelitt opptatt av å ikkje levere eit kaos til arvingane, kjenner nok det som står i boka frå før. Altså rydd, gi bort mens du lever og gå gjennom tinga dine. Kva treng du for resten av livet?

Det mystiske biblioteket av H. Murkami
Dette er ei lita bok. Litt typisk Murakami med alt det underlege som hender. Eg lytta til boka og lurte etterpå om eg forstod den. Eller var ho noko så sjeldant som ei bok eg ikkje likte? Det var litt vanskeleg å ta inn over seg for eg er svak for bøkene til Murakami. Eg har ikkje bestemt meg enno.

Hjem av M. Robinson
Eg tør nesten ikkje skrive det, men eg gav denne opp. Eg las Gilead og var kritisk etter den, men lova å gi forfattaren ein ny sjanse. "Alle" var jo så over seg i hyllest. Altså begynte eg på neste. Men no set eg bygdeamerika på pause.

---
No når eg ser tilbake, så ser eg at eg har vore mykje i rundt århundreskiftet (1900) i sommar, men med moderne sprell. Ein god lesesommar.


 

Kommentarer