Brødrene Karamasov - eit leseprosjekt

Lesegruppa vår les bøker som ikkje er så lett tilgjengelege frå godstolen heime, men som kan bli det når vi er saman om boka. Litt på den måten som NRK P2 Salongen no er i gang med om akkurat dei same bøkene. Viss du ikkje alt er i gang:  Les og storkos deg saman med podkasten "Familien Karamasov".

Vår måte å gjer det på, er å ha leseoppdrag (ikkje for lange) mellom kvar samling og så samtale om det vi har lese når vi samlast ca 1 gong pr månad. MEN det viktigaste er at etter vi har oppsummert og samtalt så les vi HØGT for kvarandre frå boka. Det er altså ei blanding mellom heimelekse og felles høgtlesing vidare i boka.

No har vi stønna over hysteriske kvinner, kranglefantar, drukkenboltar, hykleri...  Vi har møtt storinkvisitoren og grubla over ka ansvar mennesket har når det har full fridom. Dette har eg skrive om i eit tidlegare blogginnlegg. Storinkvisitoren. Kva skal mennesket med fridom
Ivan har sloss med djevelen. Det i seg sjølv er ganske fascinerande for han trur verken på Gud eller djevelen. Men han sloss for harde livet. Ka skjer med oss når vi avskriver Gud? Kven blir vi då?
Aljosja gjer sitt beste for å bli ein god kristen. Men det er så mange hindringar.
Og kvifor er kristensosialistar farlegare enn andre sosialistar? Dostojevskij hadde kjent på styresmaktene sitt syn på hans politiske syn og straffa han hardt. Er det farlege at dei i tillegg til å tru på endring på jorda, trur på livet etterpå? Dei har den ekstra krafta. Både dagen i dag og den der framme.
Kvifor gjev Dostojevskij den ufordragelege faren sitt eige namn? Er det fordi han ville vise at vi har alt i oss? Alle sider i mennesket?

Og vi har tenkt. Kven er eigentleg skuldig? Den som tenkte det onde? Den som planta idéen i ein annan? Eller bare den som gjorde det? Alle? Bare den som blir dømd?
Brødrene Karamasov har utfordra oss i månader, men no nådde vi målet. Det siste punktum. Men Dostojevskij blir ein ikkje ferdig med. Som Knausgård sa om eldre litteratur på litteraturfestivalen i Frankfurt: 
Jeg tenker ikke nå på hvor lang tid den tar å lese, men på hvor lenge den kan virke, og på det merkelige fenomenet at selv litteratur skrevet i andre tider med radikalt andre og noen ganger dypt fremmede forutsetninger fortsatt kan snakke til oss. Og ikke bare det, men også si oss noe om hvem vi er som vi uten den ikke ville ha sett eller ikke sett slik. 

Bøkene som var gode å ha i tillegg var:
  • G. Kjetsaa: Lutring gjennom lidelse
  • G. Kjetsaa: Fjodor Dostojevskij
  • P.N. Waage: Fjodor M. Dostojevskij
Ekstra bonus var at vi las ulike utgåver og fekk blikk inn i tolkingar av tekst. Og forkortingar!


O' those Russians!
--
Neste prosjekt i lesegruppa er portugisisk: Uroens bok av F. Pessoa.