Tru og tvil

 

“Stort sett har jeg snakket med folk man ikke opplagt ville tenke var troende, eller som man ville tro har et komplisert eller uavklart forhold til religion.

Gjennom 1900-tallet ble vi i Norge i stadig større grad religiøse analfabeter. Religion var noe pinlig, direkte dumt eller farlig. Det er innlysende at det var nødvendig å ta et oppgjør med tilstivnede og undertrykkende religionsformer. Men kastet vi samtidig barnet ut med badevannet? Mistet vi fornemmelsen for virkelighetsdypet i det religiøse språket? Jeg tror det samtidig oppsto et tomrom i allmenndannelsen som i dag gjør det vanskelig å gjenkjenne religiøse symboler i kunst og litteratur. Tilværelsen er blitt grunnere."

Dette blogginnlegget startar med litt frå forordet til Alf van der Hagen si bok "Meningen med livet".


Litteraturen eg har lese heile mitt vaksne liv, er ikkje ukjent med problematikken tru og tvil. Du kan ikkje lese Dostojevskij, Wergeland, Kierkegaard, Garborg, Øverland, Dickens.. utan å møte Gud, tru og tvil. Det låg ikkje så tydeleg framme i moderne norsk litteratur eg las på same tida. Lyrikarane var i ein annan klasse. Der var det undring, fornekting, tru og fortviling.

Kjell Arild Pollestad synes moderne romanar ofte er uinteressante. “Menneskene blir så grunne, det er liksom ikke noen resonans i dem.” (2)

Utover 2000-talet har forfattarar og andre markante menneske i kultur og politikk blitt tydelegare på at dei trur eller har eit komplisert forhold til tru. Kvifor er det opnare for det no enn på 80-90-talet?

Det siste året har det langs min leseveg dukka opp fleire bøker som direkte tar opp tru og tvil, enn på mange år. Fleire av dei har vore spennande møte. Eg vel å blogge om dei samla, men eit par har i tillegg fått sitt eige blogginnlegg. Talet ved sida av namnet/sitatet viser til kva bok du finn personen eller sitatet.



Alf van der Hagen har gitt ut to samtalebøker om tru. Her møter vi Vigdis Hjorth, Hans Fredrik Dahl, Gerd Liv Valla, Terje Nordby, Kjell Arild Pollestad, Ole Paus, Levi Henriksen og mange fleire. Fleire samtalar overraskar. Nokre gjev ord å gruble over, andre ord til undring. Litteraturkritikaren Henning Hagerup(3) er med i den første samtaleboka, men har òg fått ei eiga lang samtalebok. Den har eg blogga om tidlegare og du kan finne innlegget her.. Han skildrar det kanskje slik som mange av dei kjenner det:

“Blir du sjenert av å snakke om dette?

Ja, jeg blir blyg… hva er det Julia Kristeva kaller det? Klønethetens retorikk. Det er den som setter inn når jeg skal snakke om religiøse ting. Men da jeg på begynnelsen av nittitallet igjen begynte å lese mer i Bibelen, var det mye som falt på plass for min del. Jeg kunne se at det var her jeg bestandig hadde vært. Jeg ville bare ikke sette ord på det, fordi ordet kristen hadde en så negativ klang i våre opplyste kulturradikale, intellektuelle kretser. Dessuten ville jeg helst ikke bli utsatt for jublende misforståelser.” (3)


Fleire av dei har det som han som har ført samtalebøkene i pennen: "I dag er jeg vel en av disse som står utenfor kirken og av og til kaster et lengselsfullt blikk inn, på tross av all dumskap og ondskap utført i Guds navn,“(1) 

Gerd Liv Valla lyttar på gudstenesta i radioen kvar sundag. Vigdis Hjorth er opptatt av Søren Kierkegaard og har eit ønske om å få til å be. Andre fører samtalar med Gud og ser det som sin måte å be på. Terje Kvam er opptatt av kyrkja og musikken. Geir Lippestad blir utfordra av døyande dotter. Terje Norby syns det er trist at begrepet synd er blitt tabu.

Trond Berg Eriksen: “For meg er i grunnen det med tro og tvil det samme. Det er ikke bryet verdt å tro på noe man ikke samtidig tviler på. Troen er en form for nødløsning. Den er en desperat affære, fordi det nettopp ikke finnes noen ubetvilelig mening der ute. Du må skape meningen selv sammen med dem som tenker slik du gjør” (2)


Dei to dialogbøkene om tru er vel verd å bruke tid og tankar på.

---



Jon Fosse og Eskil Skjeldal kom òg ut med ei samtalebok. “Mysteriet i trua” (4). Den har eg skrive eit eige innlegg om. Den handlar om Jon Fosse sin veg til den katolske kyrkja. Der Fosse kan vere kritisk til den katolske kyrkja, blir Hans Fredrik Dahl (2) nesten like bastant som då eg las han i Dagbladet på 80-90-talet om heilt andre tema.
Eigentleg undrar eg meg over intellektuelle menn sin fascinasjon over den katolske kyrkja, men den undringa trur eg at eg skal la ligge no.



Samtalepartnaren til Jon Fosse hadde eg lese nokre artiklar av i vekeavisa "Dag og tid". Men eg kjente ikkje meir til han enn det. Undervegs i lesinga av boka om Jon Fosse, syntes eg Skjeldal blei meir og meir usynleg. Han utfordra Fosse lite. Og på lesevegen dukka boka "Eg slepper deg utan at du velsignar meg" opp. Fosse si bok kom ut i 2015 og Skjeldal si i 2017.

Boka førte til at eg blei sitjande i fleire timar på ein utestad i Oslo lesande, noterande og grublande. Kva handla dette eigentleg om? Vi møter den unge Skjeldal. Vegen frå den lokale kyrkja, via teologistudiet, kort presteteneste til han hamnar i den katolske kyrkja.
 “Den katolske kyrkja talar sterkt til intellektet mitt, men ikkje så mykje til kjenslene mine. Må eg velje? Gud kan ikkje avgrensast til eitt kyrkjesamfunn, til éin teologisk måte å sjå Gud på. Det visste eg.” (5) 
Intellektet er vel kanskje det han dyrkar. Skildringa av trua og teologien er intens. Nesten så eg blir redd. Kvifor greier han ikkje å akseptere kvardagen? Når så livet vender seg mot han (kona går, venen døyr), raknar byggverket. Gud er der ikkje lenger. Ein sundag dreg han til den norske kyrkja i staden for den katolske og lurer på ka han har gjort. “Men kva med salmane, og den litt puslete og folketomme norske kyrkja? Kjærleiken min er ikkje borte. Eg kasta vrak på noko som framleis er i meg: Det upretensiøse i Den norske kyrkja. Songen og orgelet. Jesus til folket.” (5)
Fortvilinga og håpet om skrifta på veggen(underet) er vond å lese. Han ser at det ikkje er ein kamp mot Gud, men mot seg sjølv. Kanskje ein kamp mot si eiga hjernevasking? Eg fekk så lyst til å riste han og be han om å gjere det å tru enklare. Boka endar med at han slepp taket i trua (eller kanskje han ikkje heilt greier det likevel) og vender blikket mot ungane, familien og venene.


Den siste boka eg vil ta med, er den enklaste: “Røff guide til Bibelen” av Alf Kjetil Walgermo. Forfattaren tar for seg alle bøkene i Bibelen og gjev oss nøklar til både innhald, uttrykk vi kjenner igjen i språket vårt og teologiske diskusjonar. Lett å lese og gir meirsmak på Bibelen.

Walgermo sitt tips om kor vi kunne starte lesinga av Bibelen (mine notat frå ein bokkveld i Stavanger 1/12-17):
Det gamle testamentet: Start med 1.mosebok, Samuelsbøkene, Amos viss du skal ta ein av profetane, Eller kanskje Mika.
Det nye testamentet: Markus. I alle fall Lukas. Romarbrevet er godt, men langt. Vil du ha kortare, ta Galatarbrevet.


Helge Torvund skriv i diktet “Tvila til me trur” (frå boka Tidslys):

Og er det ikkje dette som er diktinga si oppgåve:


Å få oss til å tvila til me trur

Å få oss til å spørja til me svarer

Å kasta den blå hatten mot lesaren

slik at ein av oss blir mindre framand.


---

  1. Alf van der Hagen: Meningen med livet? dialoger om tro
  2. Alf van der Hagen: Håpet er hellig - nye dialoger
  3. Alf van der Hagen: Leseren
  4. Jon Fosse/Eskil Skjeldal: Mysteriet i trua
  5. Eskil Skjeldal: Eg slepper deg utan at du velsignar meg
  6. Alf Kjetil Walgermo: Røff guide til Bibelen

Kommentarer