Dei beste bøkene vi møtte i 2025 - sa damene

  I år som i fjor, som året før og før det og..., har damene hatt det årlege møtet om bøker vi har møtt i dette året. Oppdraget var, som alltid:  

* Fortell om 1-2 bøker du har lese i 2025 og som sit igjen som den/dei beste.
- Bøkene kan vere hundre år gamle om du vil. Det er ikkje året dei kom ut, men året du las dei, som er viktig.
- Det kan vere ei bok du blei tipsa om eit år tidlegare, men som du har lese no og òg vil tilrå.
* Ta gjerne med ei bok du vil sende vidare til andre lesarar òg. Det vil seie ei bok du ikkje treng eige resten av livet. 


Alltid like overraskande. Vi vel ulike bøker og har gode forteljingar for kvifor det blei desse bøkene.

Forfattarane kom frå: Noreg, Japan, England, Frankrike, Malaysia, Finland, Sverige, Tyrkia og USA. Det er urtid, 1600-talet, 1700-talet, 1800-talet, 1900-talet og 2000-talet. Noveller, dikt og romanar.

Er biletet av boka i nærleiken av teksten om boka, er det reint flaks.

Her kjem bøkene:

Menn som nesten elska meg av Katrine Sele. Her er det skilsmisse, einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Vi får bli med henne på dating, forelskingar og forsøket på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. 

Kafka på stranden av Haruki Murakami. Fleire smilte då den dukka opp. Det var ei bok dei hadde elska den gongen ho kom ut på norsk. Murakami skriv spennande. Den verkelege verda og det overnaturlege. Kva er kva? Det er to historiar som flettar seg saman. 

Ho som hadde møtt Murakami for første gong i år, måtte bare ta med ei bok til av same forfattar: 

Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår av H. Murakami. Tazaki kjem heim på sommarferie og oppdagar at barndomsvenene har snudd ryggen til han. Han forstår ikkje kva som har skjedd. Åra går og han blir ferdig utdanna. Veninna får han til å reise heim for å nøste i det som skjedde. Og det bli ei interessant reise. Kva er venskap? Svik? 

Kniven i ilden av Ingeborg Arvola. I 1859 går Brita Caisa frå Finland til Noreg med dei to sønene sine. Dette er ei tidsreise. Vi møter kvener frå Finland og fantastiske naturskildringar. Dei andre nikka. Denne boka hadde fleire blitt fascinert over og hadde lært mykje historie. Dette er første boka i ein serie. 


Tata - alle har en historie av Valérie Perrin. Agnes forstår ingenting når ho får beskjed om at tante Colette er død. Ho har jo vore død i tre år allereie. Som nærmaste slektning må ho identifisere den døden og finne ut kva som har skjedd. Kvifor ønska Colette at dei skulle tru ho var død? Det er dramatikk, kjærleik på rare vis. Og så er boka vakker på så mange måtar. 

Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård. Dette er ni forskjellige historiar. Kvardag og magi. Dette er den første i ein serie som no er 6 bøker. Ein kveld i august dukkar det opp ei stjerne på himmelen. Den påverkar alle i historiane. romanen er om det vi ikkje forstår. Og tilrådaren blei sugd inn i språket og historia. Knausgård skriv mykje om døden  i ei magisk realistisk form

Mitt kvite hår i vinden av Knut Ødegård. Dikta får fram tankar rundt alderdomm, rundt alt det som er usagt opp gjennom historia. No er det han som er eldst og skal bere historia vidare. Dei dikta som blei lese høgt, gav oss lyst på meir.


Fyrstene av Finntjern av Lars Elling. Det er to historiar. 1985 som er notid og krigsåra som farfar fortel om. Korleis dei blei herda. Han sendte dei til skogs for å greie seg sjølv. Det handlar om å vere brødre. Om å finne lukka og om det andre..

Vannets pakt av Abraham Verghese. Vi er i India i perioden  1900-1078. Ei jente og mora ligg tett saman. Den unge jenta på 12 år skal giftast bort. Bryllaupsdagen er den verste i ei jente sitt liv. I den familien ho er gifta inn i, døyr minst ein i kvar generasjon av drukning. Vi følger indisk historie gjennom vel 70 år. Vi møter magiske dyr, kjærleik, sorg, pågangsmot. Og vi blir veldig klar over korleis den medisinske verda har utvikla seg. 

Alt det blå på himmelen av Melissa Da Costa. Boka er absolutt annleis enn alt ho har lese før, meinte ho som la fram boka. Ein ung mann har alzheimer og bestemmer seg for å reise på tur. Han legg ut ei annonse i avisa og får napp. Reisa dei to dreg avgarde i, handlar om han, som endrar seg og om ho, som òh har ein bagasje ho dreg med seg. Kven er vi? Kva er viktig for oss? 

Ein lykkeleg slutt av Maren Uthaug. Her er det skjebnen, døden og kjærleiken. Her er det om døden i alleslags fasettar. På ei øy skal det aldri bu fleire enn eit visst antal innbyggarar. Blir det fleire må nokon dø. Det er ein fantasifull slektsroman som rommar fleire kjærleikshistoriar og mykje kulturhistorie. Uthaug skriv spesielt og ho fascinerer veldig.

Wuthering Heights av Emily Brönte, eller Stormfulle høgder som den heiter i Skald forlag si omsetjing av boka. Boka er frå 1847 og er ei av dei mest lesne engelske klassikarane. Det  er ei mørk og dyster kjærleikshistorie. Vi møter Heathcliff og Catherine. For Heathcliff fører den intense kjærleiken til hat mot alt og alle. Vi ser forfordelinga mellom menn og kvinner, fattig og rik. Dette er ei brytningstid i historia. Brönte sjokkerte med denne romanen. Den braut med sed og skikk. Fleire av oss hadde vore på Tomas og Jannes umulige lesesirkel i Stavanger og fått med oss ein spennande time om boka. Timen kjem nok som podkast (sjekk Sølvberget) i løpet av vinteren.

Den lyttende av Tove Jansson. Boka er ikkje tjukk, men den inneheld 18 nydelege noveller. Kvardagen blanda med det fantastiske, det bisarre. Det er ei bok om elskande, aldrande, barn, lukkelege, ulukkelege, villskap og varme.

Tranene flyr mot sør av Lisa Ridzén. Vi møter gamle Bo. Han bur på den svenske landsbygda og snart vil han ikkje greie å leve det livet han ønsker å leve. Boka tar opp det å bli gamal og ikkje vil ha hjelp. Det er lett å kjenne seg igjen og kven vil vel ta seg av denne kranglefanten? Kan han endre seg? Det var fleire som nikka då denne boka kom opp. Den hadde dei likt.

Det er elver på himmelen  av Elif Shafak. Denne boka var den einaste som det var to som hadde med seg. Begge like fascinert. Har ein vassdråpe hukommelse? Vi er med i vatnets kretslaup. Boka har fire historiar som har vatnet med seg. Det er eventyr. Det er epos. Det er vakkert. Vi møter riket i Ninive, Gilgamesh-eposet. Oldtid og moderne tid.

Den vide villmark av Lauren Groff. Ei ung jente er på flukt. Ho er forfulgt av jegrar, lunefulle gudar og villdyr. Jenta løper gjennom eit nyskapt Amerika. Nybyggartru, gresk mytologi og mørke eventyr. Det er kvinneliv. Det er oppslukande.

Min tid i disse skogene av Gaute Heivoll. Hovudpersonen gjev frå seg odelen på garden og vil bygge opp noko for seg og kona. Livet blir ikkje slik han tenkte. Ingeborg, kona, er ikkje bare den han trudde ho var. Skildringane mellom dei to er sterke og dreg deg inn i fortellinga.

Det gode mennesket fra Sandvika av Vigdis Hjorth. Fortellaren går på ein brun pub og skriv. Ser på folka som lever eit anna liv enn hennar. Ho skildrar personane på puben. Ada sit ved eit fast bord kvar laurdag og ser på tv. Ho har lottokupongen klar. Ein dag vinn ho. No kan ho dele. Men er det lett å gje? Er det lett å vere eit godt menneske?

Skilsmissen av Moa Herngren. Dette er ein relasjonsroman, Boka får tydeleg fram kva som skjer når kanalane er stengde, når ingen snakkar saman. Sympatien hjå oss lesarar flyttar seg undervegs i lesinga. Det er ikkje så opplagt som det såg ut.

Vaim av Jon Fosse. Denne var fascinerande. Han får formidla på ein veldig god måte korleis menneske forheld seg til kvarandre og kommuniserar seg i mellom. 

Under brosteinen, stranden! av Johan Harstad. Vi kjenner igjen landskapet på Forus. Det er oppveksten her. Kvifor blei dei det dei blei? Kven er dei? Han hoppar att og fram i tid. I historia finst det eit kjernekraft på Forus. Det som skjer der fører oss ut i verda. Vi får historiske episodar og vi får fantasi. Ei tjukk bok som vel var verd å bruke mange timar på.

Mormors utrolige venninner av Trude Teige. Boka set lys på kvinnas rolle under andre verdskrigen. Dei er nyutdanna sjukepleiarar og veninner. Kvinner som forelskar seg i "feil" menn, kvinner som må skjule historia si. Dette er ei frittståande fortsetjing av serien som starta med "Mormor danser i regnet".

Frankenstein eller den moderne Prometevs av Mary Shelley. Denne boka var så mykje meir enn ho som snakka om den, hadde trudd. Det begynte med at ho lytta på Leseklubben på NRK P2 og blei sugd inn i forteljinga. Det hadde fleire rundt bordet. Boka blir sett på som den første science fiction-litteraturen i historia. Boka hadde så mange lag. Skaparen som blir forfulgt av den skapte. Ønske om nærleik, omsorg. Og om einsemd.

----

Etter fleire timar tok nokre med seg nye bøker heim, andre pakka  ned dei bøkene dei kom med. Og alle hadde fått mange nye bøker på leselistene sine. Vi er klare for eit nytt leseår.