Svanemordet - K2 og Patricia rotar seg borti kald krig og stolte menn

Eg har i grunnen likt bøkene om K2 og har skrive om eit par av dei før. K2 og Patricia - krim frå den tida då alt gjekk saktare. Eg gledde meg til denne. Men så gjorde eg kanskje ein tabbe. Den kom rett etter ein krim av Peter May og då var det så altfor tydeleg kvalitetsforskjell. Det var så tydeleg kva som engasjerte og dreiv historia framover for meg. Det var ikkje Lahlum sin litt tørre og svært lite mellom linjene stil. Eg tok meg i å lese på skrått for å gå fortare framover. Gjekk ikkje glipp av noko ved å hoppe over litt.

K2 saknar ei kvinne i livet. Og barn. Men det blir visst lite med han. Det er stadig kvinner som har vist interesse gjennom bøkene, men det er alltid noko som går galt. I denne romanen kjem det jamnleg setningar om at han saknar barn og kvinne, men setningane verkar så flate. Han liker pene, slanke og sjarmerande kvinner. Dei ville sikkert vore gode mødre både den eine og den andre.

Eg har heile tida kjensle av norskstil. "Jeg sa det hørtes ut som en både privilegert og spennende tilværelse, og la til et spørsmål om hun ikke hadde noen kontakt med sin bror" "Det kjentes lett og naturlig å snakke med Aurora, som jeg i tankene nå hadde begynt å kalle henne". Det blir så tørt, bare ord. Eg saknar spenst i teksten.

Sjølve historia er frå 1973, men den har med seg ei fortelling frå den finsk-russiske krigen i 1918, rettsaker etter andre verdskrigen, den kalde krigen, spionasje og elskov. Interessante fortellingar i romanen. Men sjølve krimromanen mangla spenninga og drivet. Det er alltid interessant å lese om den tida då vi måtte skunde oss heim for å rekke telefonen. Der det alltid var spennande kven som var i andre enden. Ei tid der fru Hansen var heime og herr Hansen hadde dokumentmappe og frakk. Kan verkeleg slike skikkelege folk ha ei mørk fortid? Blondegardiner kan skjule så mykje. 

Eg tar sikkert feil, såg til dømes at Adresseavisa meinte at dette var den beste. Jaja. Les du òg så kan du sjølv seie om eg er blitt ei gretten gamal kjerring eller om eg har eit poeng.


 ---

Tittel: Svanemordet
Forfattar: Hans Olav Lahlum
Forlag: Cappelen Damm
År: 2020


Kommentarer