Dette var kjekk lesing. Eller kjekk er kanskje feil ord? Det var ei påminning om kampane for å få lov å vere det mennesket ein er og ikkje den piken, fruentimmeret, furien, husmora, forlystelsen, hysteria osv som menn bestemte at ein skulle vere.
Vi følgjer norsk kvinnehistorie frå ca 1870 til i dag. Camilla Collett, Amalie Skram, Karoline Korsødegården, Gina Krog, Grethe Waitz, Gro Harlem Bruntland, Lise Klaveness og mange, mange fleire.
Kyrkja og staten stod opp og kjempa som dei menn dei var. Legar meinte at kvinner kunne øydelegge evna til å føde barn om dei brukte hjernen for mykje. Underlivet måtte stadig undersøkast for det kunne kome til skade stadig vekk. Til dømes når ein skulle bli telegrafist, ja for når kvinner skal sitte stille så lenge kan mykje skje i underlivet.
Kampen for stemmeretten. Vil samfunnet bryte saman om kvinner fekk politisk makt? Vil kvinner, som er styrt av følelsar, takle det?
Kvinner i Milorg, fantes dei? Visste du at det bare var dei mannlege fangane på Grini som fekk kome ut på oppstillingsplassen for å markere at krigen var slutt? Kvinnene var framleis inne i cellene.
Husmora. Passa det ekstra godt å dyrke fram henne når landet skulle byggast opp etter krigen og det ikkje var arbeid til alle?
Alenemødrene hadde spilt en ufrivillig hovedrolle under valgkampen i 1989. Fremskrittspartiets Carl I. Hagen kalte dem samfunnsnyltere som fikk for mye hjelp fra det offentlige og ikke tok konsekvensene av en "uansvarlig livsførsel".
Idretten. Kvinner på ski. Skadeleg for kroppen. Kvinner som spring maraton? Skadeleg for kroppen. Skihopp? Skadeleg for kvinnekroppen. Klesdrakt både på og utanfor banen? Det er bare å sjå på sandvolleyballjentene. Både dei avkledde og dei påkledde. Kven har bestemt det, tru?
All form for langdistanse ble regnet som farlig, siden de tømte energireservene, som kvinner trengte å spare til reproduksjonen. (--) Skihopp var strengt forbudt: Risting i nedslaget kunne forskyve livmoren.
Boka er på 200 sider. Er lettlest og ei viktig påminning om at mange har stått på for at vi er der vi er i dag. Og at vi ikkje må kvile. Vi ser tendensar til land som vil ta frå kvinner rettar.
Dette er ei bok for ungdom som vil lese historie. For vaksne som treng oppfrisking. For alle egentleg.
Eg tilrår!
Og kvifor har ikkje Sandnes ei statue av Elise Ottesen- Jensen sentralt plassert i byen?
---
Tittel: Norsk kvinnehistorie på 200 sider
Forfattar: Hege Duckert
Forlag: Kagge forlag
År: 2021