Mona Lisa, Hitler og Enzo


 Peter May kom seg heller ingen plass i 2020. Han måtte vere i heime i Frankrike. Covid-19 pandemien stoppa alle reiser og bokidéar måtte leggast på is. 

Men då dukka aller beste 65 åring, Enzo Macleod, opp igjen. Hestehalen var blitt gråare,   Han var luta lei av å lockdown, familiesamtalar på zoom. Som alle oss andre. Han hadde pensjonert seg og levde eit godt liv med Dominique og den unge sonen. Og så skulle han bli bestefar. Livet var i grunnen godt, men så var det lukta av sagmugg. Eller rettare sagt eit spørsmål frå Paris om han ville sjekke staden der det var funne eit gamalt lik under eit tre. Eit lik fra andre verdskrigen. Enzo var jo ekspert på gamle saker. Kunne han ikkje bare sjekke litt? Sjølvsagt kunne han det.

Det viser seg at det nyleg har skjedd eit drap i den vesle byen der det gamle liket dukka opp. Brått er Enzo i full gang igjen.

Deler av fortellinga er frå perioden 1940-1945. Frankrike er okkupert. Hitler vil ha tak i Mona Lisa. Gøring vil ha tak i Mona Lisa. Frankrike ante at dette kunne kome til å skje, så ho blir flytta rundt i Frankrike i krigsåra. Med tyskarane i helane. Det er snakk om at det er laga ein kopi for å lure dei. Det er konfliktar mellom kunstkjennarar. Og er det originalen som no er tilbake i Louvre? Er vi heilt sikre?

Denne historia blandar seg saman med den dagsaktuelle mordsaka. Her er det ein kunstkjennar som er drept. Det er spenning, ei god historie og eg er stadig redd for Enzo, helten min. Og så blir vi betre kjent med kulturlandet Frankrike i krig.

Eg har tidlegare skrive om dei andre bøkene Peter May har skrive om Enzo.  Du finn innlegg om tidlegare bøker her. 

Denne trur eg ikkje er på norsk, men når eg fiksar engelsken så fiksar du det sikkert du òg.

Art is the lie that enables us to realise the truth (P. Picasso)

----

Tittel: The night gate
Forfattar: Peter May
Forlag: Riverrun
Språk: Engelsk
År: 2021
ebok



 

Kommentarer