Hjertet er en ensom jeger

 Denne boka er frå  1940 og handlinga er frå sørstatane i USA
Tittelen på boka har nynna inni meg meir enn ein gong. For ein tittel!

Vi møter den homofile Singer, ein døvstum mann, som alle får eit behov for å lufte sitt einsame hjarte til. Dei opplever i blikket og dei tause tilbakemeldingane at dei blir forstått. At dei får lufte ut det som pressar på og som ingen andre forstår. I huset der Singer er leigebuar, bur Mick, ei jente som drøymer musikk. Drøymer om å skape musikk. Det er nokre nydelege avsnitt der musikken blir ein del av henne og ho er musikk.
Ein dag har Singer skaffa seg radio for at ho skal få lytte til Bach, Beethoven og dei andre. Rommet til Singer blir hennar pustehol. Mick er nok den som liknar mest på forfattaren.

Så har vi Biff som er kaféeigar og som observerer alt og alle. Vi møter den urolege alkoholikaren. Og den svarte legen som prøver å overbevise dei andre svarte om at dei må reise seg og  stå opp for rasen. Han arbeider døgnet rundt for å vere til hjelp for dei som treng det. Men dei som står han nærmast, forstår han ikkje. Dottera drøymer om at ho i himmelen er kvit for det er slike bilete dei har av dei heilage og av Gud og Jesus.

Forfattaren saman med Marilyn Monroe og Karen Blixen

Vi møter eit sørstatsmiljø der fattige kvite og fattige svarte lever side om side, men samstundes med avstand til kvarandre. Same kor fattig du er som kvit, er det alltid ein svart som er lågare på stigen enn deg.

Alle drøymer om eit betre liv, men veit at dei må gjenta det livet dei lever no. Det gjeld å finne seg arbeid så ein kan forsørge familien og det gjeld å unngå å bli gravid for tidleg. Det er farleg å drøyme.

Forfattaren greier å skildre livet til  både svarte og kvite frå innsida, noko som var uvanleg på denne tida.

Boka er lovprist av alle bokmeldarar som den ein må lese før ein døyr. Eg er ikkje heilt einig i det, men boka er god, personane ho kretsar rundt er verd å bli kjent med. Legg eg til at forfattaren er 22 år og at det er i 1940 så gjev ho eit viktig bilete av tida.
Boka er lett å lese og er vel verd den stunda det tek.

---
Tittel: Hjertet er en ensom jeger
Forfattar: Carson McCullar
Forlag: Aschehoug
År: 2016 (opprinneleg 1940)
Ebok



Kommentarer