Dette er ikke farvel

 

Han Kang. Eg blir nesten litt skjelven når eg oppdagar ei ny bok av henne. Eg veit eg kjem til å kjenne boka i magen. Det er måten ho fortel på. Måten ho gir oss bileta på.

Han Kang (f.1970) er frå Gweangju i Sør-Korea. I bøkene kjem dei kollektive koreanske krigstraumene krypande fram overalt. Og det er enkeltmenneska som skal overleve med eiga historie og med folket si historie. Det er så lite eg eigentleg veit om Korea. Om nord og sør. Om alt som skjedde etter 1945. Forfølging, massemord, redsla for å snakke. Det er ikkje før i 1993 at Sør-Korea får ein president som ikkje har militær bakgrunn.

I denne boka skal vi til øya Jeju. I perioden 1948-1954 blei tusenvis av menneske torturert og drept her. Boka tar opp denne historia, men mest alt som skjer med oss når vi ikkje får bli ferdig med smerta. Når familiane ikkje får svar.  Han Kang har sagt at dette er ein roman om Jeju-opprøret og ein roman om djup kjærleik. Og det er akkurat det. Ei bok om kjærleiken til dei forsvunne, kjærleiken til dei som kjem skada tilbake, kjærleiken til barnet, kjærleiken til mor. Kjærleiken. 

Den som har lese bøkene til Han Kang veit at ho går inn og ut av realismen. Endrar tid. Det er ikkje alltid klart om vi er i den indre eller ytre fortellinga. Blir du med på reisa, får du store opplevinga og sterke menneskemøte.

Hva er tittelen? (---) På prosjektet vårt , mener jeg. (--) Når jeg tenker meg om, har jeg aldri spurt hva tittelen er. Jeg svarte: Dette er ikke farvel! Inseon kom gående med tekjelen i den ene hånda og to kopper i den andre og gjentok: Dette er ikke farvel.

---

Den første boka eg las av Han Kang var Levende og døde. Den neste var Vegetarianeren og den tredje Hvit. Alle tre er bøker ein ikkje er ferdig med sjølv om ein lukkar boka etter det siste ordet. Dei lever vidare.

Eg tilrår!

----

Tittel: Dette er ikke farvel
Forfattar: Han Kang
Omsett frå koreansk av Jarne Byhre
Forlag: Pax
År: 2022

Kommentarer