Juleferien sendte meg frå dekadensen i New York, via sauebonden i England til ei taus kvinne i Seoul. Fascinerande dagar fulle av inntrykk.
Tittel: Sauebondens liv
Forfatter: James Rebanks
Originalspråk: engelsk
Omsett av: Hege Meren
Forlag: Press forlag
År: 2017
Den store Gatsby - av F. Scott Fitzgerald. Kjent for svært mange. Kanskje har du lese boka i ungdommen. Kanskje har du sett film over boka. Kanskje bare høyrt mange sitat.
Det var faktisk litt spesielt å lese boka på ny. Og det blei ei ekstra glede å lese denne nyomsetjinga til Skald forlag. Vi ser 1920-talets New York frå Nick Carraway sitt blikk og tankar. Naboen er ein mystisk mangemillionær, Jay Gatsby. Nick blir invitert på fest til denne naboen og oppdagar at huset er fullt av folk som festar, men som bryr seg lite om både verten og livet. Dei vil leve og gje blaffen. Etter kvart blir det klart at Gatsby framleis elskar ei kvinne frå ungdommen. Ho er i dag gift og er ben av Nick. Korleis skal Gatsby bli kjent med henne? Vi får glimt av både dekadensen, ekte kjensler og alvorlege val.
Eg tilrår boka. Dette var eit møte med ei tid som har mykje felles med vår.
Så me stampar oss fram, som båtar mot straumen, drivne tilbake mot fortida utan stans
--
Så reiste eg til Lake District og møtte sauebonden James Rebanks. Han fortalte om det å vekse opp som bondeson i Lake-District. Kva ville han med livet sitt? Kor mykje måtte han modernisere? Var alltid utviklinga god for sauen og for jorda? Var landbrukspolitikken bærekraftig? Eg tenkte på sauebønder eg kjente. På kjærleiken til dyret. På dei økonomiske utfordringane. På dyremishamdling for at vi skal få billig kjøt. Eg blei glad i denne bonden og tankane hans om gardsdrift og dyrevelferd.Eg tilrår.
----
Den tredje boka som var med meg i juleferien var den ferske Nobelprisvinnaren Han Kang. Eg har lese fleire bøker av henne og dei har gjort sterkt inntrykk på meg. I "Leksjoner i gresk" møter vi ei kvinne som har mista språket og orda. Ho er taus, men ho ser og observerer. Ho har bestemt seg for å lære gamalgresk. Eit språk ingen snakkar i dag, men som gir nøkkel til eldre litteratur. Læraren er ein mann som er på veg til å miste synet. Begge to har altså ei djup sorg. Språket og synet. Korleis formidle seg når ein manglar dette? Det er ei vâr fortelling. Om å kjenne seg aleine og einsam. Og om å kjenne nærleik til andre. Desse to menneska blei meg. Dei blei den forsiktige søkinga mot det andre mennesket.Eg tilrår!
Når jeg endelig uttaler den første stavelsen, lukker og åpner jeg øynene med kraft. Som om jeg er forberedt på at alt er borte når jeg åpner øynene igjen
Andre bøker av Han Kang:
- Levende og døde
- Vegetarianeren
- Hvit
- Dette er ikke farvel
______
Tittel: Den store Gatsby
Forfatter: F. Scott Fitzgerald
Originalspråk: engelsk
Omsett av: Nils Henrik Smith
Forlag: Skald forlag
År: 2024
Anna: -
Forfatter: F. Scott Fitzgerald
Originalspråk: engelsk
Omsett av: Nils Henrik Smith
Forlag: Skald forlag
År: 2024
Anna: -
Forfatter: James Rebanks
Originalspråk: engelsk
Omsett av: Hege Meren
Forlag: Press forlag
År: 2017
Anna: Kindle (Ebok)
Tittel: Leksjoner i gresk
Forfatter: Han Kang
Originalspråk: koreansk
Omsett av: Jarne Byhre
Forlag: Pax forlag
År: 2024 (2011)
Forfatter: Han Kang
Originalspråk: koreansk
Omsett av: Jarne Byhre
Forlag: Pax forlag
År: 2024 (2011)
Anna: