Dette innlegget er like mykje til meg sjølv som til lesarane av bloggen. I vinter har eg lese fleire bøker som eg ikkje har tatt meg tid til å skrive om. Eit par av dei har eg skrive om på facebook, men fleire har eg ikkje skrive noko om. Det burde eg særleg gjort om Rimbereid sitt dikt. Og Ekman. Alle seks er verd å lese. Her får du alderdom, middelklassen, barndom, sakser, politikk, hundar og desperate menn.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEigpVQGlyMxe9UiEr7qOissQNs9oFgAaOssExhjLbtGcgzi7NUsmgoqystY3hNvZCsqaS5B7wQkaxhrU_Hg8UJl4SY4QO6TRNLmiAAzYkUj3oLKwd-eusxtjEFfmX_okeNpxwfR6dPRhMhRM_I6dQINy-P9bYajGopVpIkVKlBDP2fyFOJLeW-G4Xl2Oici/w137-h200/rimbereid.jpg)
Tru, håp og kjærleik. Vi møter den unge guten Jim. Ting har ein tendens til å forsvinne når han er i nærleiken. Særleg når tanta og Gud ser ein annan veg. I etasjen under flyttar den sjuke jenta Thea inn. Thea beveger seg sakte. Jim er ein travel propell. Kven er den andre? Begge har eit forhold til saksa.
Dette e før eg sovne. / Dette e bare sakså si tid. / Då kan eg se inn der sakså har klypt/ Det er et slør bag meg òg, / i det klyppe eg aldri, / det må bare henga
Kan ein klippe gjennom stoffet som tilværet er laga av?
Dette er eit langdikt der tankane til Jim er på stavangersk og Thea sine er på bokmål.
Eg kjente på glede og på sorg medan eg las. Ei bok som gjorde inntrykk og som eg verkeleg tilrår mange å lese.
----
KERSTIN EKMAN: HUNDEN
Det er mange år sidan eg sist las Kerstin Ekman. Eit tips sendte meg til denne. Ei lita bok om ein hundkvelp som forsvinn frå flokken sin. Menneska leiter etter han, men dei finn han ikkje og reknar han som død. Men vi veit at han lever og får bli med på søkinga etter varme, etter mat, etter tryggleik. Hunden veit ikkje korleis han er hamna i denne situasjonen og ikkje hadde han kunna fortelle heller. Men det gjer Kerstin Ekman.Ei vakker og til tider spennande bok. For hundeelskarar og alle de andre.
Eg tilrår.
-----
YAMA WOLASMAL: DET JEG SÅ
Eg lytta til Wolasmal ein januarkveld i Stavanger. Det var både oppløftande, interessant og nifst. For kva vil skje i 2025? I Syria? I Gaza? Går Israel til angrep på Iran slik Netanyahu har sagt at Israel skal? Kva med Libanon?Etter denne kvelden måtte eg bare lese "Det jeg så". Boka er lettlest og interessant. Vi blir kjent med oppveksten som innvandrar. Om møte med familien i Afghanistan som ungdom og å kome tilbake som journalist. Kvifor blei han journalist? Kvifor dreg han ut på desse farlege oppdraga? Kan han ha familie slik han lever?
Vi får eit godt innblikk i Midtausten i dag.
Eg tilrår!
-----
TORE RENBERG: DETTE ER MINE GAMLE DAGER