Eg las James Rebanks si bok om Sauebondens liv og fekk lyst å lese meir av forfattaren og om livet som bonde i Lake.District.
I denne boka går han vidare. Vi følgjer han frå ung mann og til familiefaren han er i dag. Vi kjenner igjen fleire historiar frå den første boka, men her blir vi med James og faren på vegen mot det moderne landbruket. Det effektive og einsarta jordbruket. Det som skal få ned prisen slik at forbrukaren betalar minst muleg for maten. Bonden må produsere i stort for i det heile å få litt igjen.
Etter kvart ser dei at jorda må ha meir og meir kunstgjødsel, Fuglar, småkryp og planter forsvinn frå landskapet. Dei må ta opp lån og slitet ser ikkj eut til å bli enklare sjølv om dei satsar meir einsarta.
Dei opplever ein flom som er øydeleggande og møter ei kvinne som fortel dei om elvar og bekkar og naturlege vegar. Til forundring og oppvåkning for far og son Rebanks. Dei møter folk som minnar dei om kva som forsvinn frå naturen, på vegen mot det effektive jordbruket.
Eg blir sitjande og tenke på kva det er vi held på med, alle vi som vil ha billig mat. Det er i alle fall ikkje til bonden fortenesten på maten går. Den fortenesta har vel flytta til Sveits om vi skal sjå på Noreg. Men no er vi i England.
James og faren byrjar å gå tilbake til eit meir miljøvenleg jordbruk. Dei tar vare på tradisjonar og fornyar samstundes. Men dette er ikkje lønsam gardsdrift i kortare perspektiv. Men kanskje lønsamt for samfunnet i lengda? Særleg når ein tenkjer på klima og miljø. Kanskje vil vi etterkvart innsjå at vi bør bruke meir av lønna på mat? Kanskje vil det bli viktigare med rein mat enn med billig mat? Og kor vil vi med den evige økonomiske veksten som krev bruk og kast for at den skal vekse?
Rebanks får i alle fall meg til å reflektere over kva som er viktig for livsgleda, kulturlandskapet, miljøet og kvardagen.
Eg tilrår boka.
__
Tittel: Livet på landet En felles arv
Omsett frå engelsk av: Hege Mehren
Forlag: Press
År: 2021
Utgåve: Kindle/ebok