Skifta Gud meining?


1968. Dette året som står der og mange meiner det var eit skille i vesten. Ho var i starten av skolegangen, forfattarane var i starten på vaksenlivet. Ho levde eit kvardagsliv i lusekofte i ei bygd sørvest i landet. Dei var studentar og opplevde vindane frå verda utanfor.

I bygda hennar var det bedehus og mykje som var synd. For dei som ikkje var fødd inn i reglane og forventningane på bedehuset, var det til tider høge og uforståelege murar. Dei blei aldri kristelege nok.
Ho kjente at lufta til tider var vanskeleg å puste i, men ho ville så gjerne vere ein del av dette fellesskapet. Ho hadde blitt kristen på ein sommarleir og meinte alvor.

På slutten av 1970-talet og utover 1980-talet var det dei mest ytterleggåande kristne som fekk mediedekning, Knudsen og Nessa, Hans Bratterud (Oslo fullevangeliske kirke), Guds Lam Kirke og fleire. Ganske forvirrande og nifst for ei landsens jente som hadde flytta til storbyen. Ho høyrte om djevelutdriving på vestlandet, besøkte Oase-rørsla, men fekk ikkje til å løfte hendene i lovprising.
På den andre sida høyrte ein om "Dans med oss Gud" og andre radikale saker frå Kirkelig kulturverksted. Ringdansar og andre folkedansar var ein del av oppveksten, men ho lærte på bedehuset at det ikkje var heilt rett å drive med slikt når ein var blitt kristen. Så dette var nok å leike med det farlege.

Kva var alt dette? Ho byrja setje seg på gjerdet og observere. Kor var det plass til ho som ville høyre til ein stad, men som ikkje var yttarleg på nokon måte? Ho ville bare kjenne gjenklang for tankane ho hadde. Kjenne at ho kunne stå for noko.

Og åra gjekk med både den eine og den andre alvorlege mannen som fortalte at nokre las Bibelen rett og andre feil. Ho hadde alltid undra seg over at nokon kunne vere så sikre at akkurat dei og deira støttespelarar las rett. Av alle kristne på denne jorda.

Med dette i bagasjen, byrja ho å lese "Da Gud skiftet mening" og oppdaga at det skjedde mykje anna innanfor kyrkja som ho ikkje hadde fått med seg gjennom 80 og 90-talet. Ho hadde trass alt sett seg på gjerdet og fekk stort sett bare med seg det som media ville gje henne.

Kyrkja som ein aktiv medspelar i fridomskampar. Jo, kanskje ho ante det, men det var ikkje det media likte å fortelje om.
Abortdebatten kjente ho, men ikkje den fantastiske grunngjevinga for kvifor mannen skulle vere øvste leiar og kvinna underordne seg. Kven låg øvst under samleiet? Altså var det frå naturen si side mannen som var leiaren. Sikkert med stor L.
I hennar ungdom var det mykje snakk om å vere personleg kristen. Det var ikkje nok å vere kristen. Eller vere døypt. Her skulle det sjelegransking til. Ikkje det ein gong kunne ein kvile i utan å tvile på om ein var det på rett måte.

Boka fortel om det som har skjedd sett med augo til dei forfattarane. Det er tydeleg på kva side i kyrkjeutviklinga dei har vore og kva dei meinte var rett utvikling. Det har vore kritikk av at dei omtrent ikkje nemner kvinner som har vore aktive i denne prosessen. Og det har vore kritikk for at dei ikkje ser kritisk på sin eigen stemme. Dei med motsett meiningssyn får ikkje alltid like fin medfart.

Ho hengte seg lite opp i kritikken om kvinner og motparten, men blei mest opptatt av å bli kjent med utviklinga av kyrkja slik dei såg den. Og fekk mange tankar om kor langt kan ei kyrkje gå før ho blir supermarknad med dagens tilbod i staden for å vere eit alternativ til alt som kastar tilboda etter oss i dag. Vil kyrkja greie å vere motkultur og samstundes vere i utvikling? Har motsetnadene mellom dei ulike gruppene blitt så store at vi får mange små kyrkjesamfunn der bare dei med likt syn er samla? Når bedehus held møte på same tid som kyrkja har messe på sundagen, kva skjer då i mindre bygdesamfunn? Den katolske kyrkja opplever at nordmenn søkjer mot ritual, fast struktur og noko som ikkje blir endra heile tida. Noko utanfor kvardagen vår. Så svelgjer dei heller at pavedømet er stokk konservativt på mange område (og lever som om dette ikkje gjeld dei). Er presteskapet blitt utydeleg på ka dei trur på?

Boka gav henne både latter, ettertanke, mimring og nokre lause trådar fekk litt betre feste. Altså ei bok ho las med glede og nok kjem til å bla litt i seinare òg.

--
Forfattarar: Kristiansen og Bakkevig
Tittel: Da Gud skiftet mening?
Forlag: CappelenDamm
ebok

Kommentarer