Romjulstankar

Eg ser dei hastar vidare. Jula er over. No noko nytt. Og her sit eg. I romjula og lurer på om dei veit ka dei har kasta ut på vegen mot det nye året. Romjul. Den beste juletida. Då ein kan finne ro. La jula synke inn. Ingen krav. Bare vere i jula.
Sit her, ser lysa på treet brenne ned og undrar meg. 

Har lese Knausgård sitt essay frå 2010: "Nåde". Tenkjer på pater Pollestad. Han meinte at moderne romanar er uinteressante. Menneska er så grunne, det er ikkje resonans i dei. Jaja pater, tenkte eg. Det er fordi frå eldre litteratur er det bare kvalitetslitteraturen igjen. Du slepp å lese mykje svada mellom kvar skatt slik som ein må med nyare litteratur. Men eg blei sitjande og tenkje på ka det er med dei skattane som har overlevd tida.

Så las eg "Nåde". Knausgård er tydeleg på at det må vere noko meir enn kjøt og blod i ein tekst. Tilgjeving. Nåde. Han skil mellom seg sjølv, som ikkje trur, og forfattaren Knausgård.
"Det vi har glemt, er Kristus, det uhørte i hans ord om å vende det andre kinnet til, det uhørte i tilgivelsen, den enorme, men også selvutslettende kraften den har, og hvordan alle mennesker og alt menneskelig blir forbundet i det. Alle forfattere verdt navnet vet det; en roman eller et dikt som ikke vet det, er en dårlig roman eller et dårlig dikt, for det er bare her, i den forstanden, at det etiske og estetiske er ett og det samme.
Tilgivelse for alle."
Trur eg må tenkje meir på dette i 2019.

(skrive som innlegg på facebook 29.12.18)

Karl Ove Knausgård: Sjelens Amerika (Nåde)
Alf van der Hagen: Håpet er hellig (Et uutslettelig preg. Samtale med Kjell Arild Pollestad)

Kommentarer

  1. Fine ord å ta med seg i det nye året! Ha et supert nytt leseår :))

    SvarSlett
  2. Eit godt leseår til deg òg!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om