Alt er unyttigt undtagen vor Skjælven - Suzanne Brøgger om livet, kjærleiken, Kierkegaard og Løve.



Suzanne Brøgger sette ein støkkar i dette 19 år gamle gudsordet frå landet då ho som lesehest fann boka Creme Fraiche i 1979/1980. Forfattaren storma inn i verda mi med ei forteljing om ei kvinne med store draumar og vågale handlingar. Her drøymte ikkje bare. Her var det venskap, svik, erotikk og leiting etter lykke. Nesten i det meste laget for denne unge kvinna. Brøgger skreiv annleis. Det var ikkje ein roman og heller ikkje direkte sjølbiografi. Det var fascinerande. Og det var altså litt nifst at nokon levde slik. 

I dag er det mange som skriv med tydeleg utgangspunkt i eige liv, men den måten å utlevere seg på var ikkje kvardagskost då dei første bøkene hennar kom ut på 1970-talet.

I februar 2020 var eg på Sølvberget i Stavanger og lytta til samtalen mellom Suzanne Brøgger og Alf van der Hagen om den siste boka. Det blei ein inspirerande kveld der dei var innom så mykje spennande at eg bare måtte kjøpe boka og lese meir.

For å starte med formatet. Alf van der Hagen kan kunsten å få intervjuobjekta sine i tale. Eg har lese fleire av samtalebøkene hans. Samtalar med Dag Solstad, Kjell Askildsen og Henning Hagerup . Bøker til å bli klok av.

No var altså turen komen til Danmark sitt store ikon, Suzanne Brøgger. Eg har storkost meg fra første til siste side. Her blir vi kjent med Brøgger si leiting etter romanforma ho trengte for å skrive, kva ho tenkte om bøkene sine og kva ho tenkjer no. Dei samtalar om kva barndommen gjer med oss, filosofi, zen, jødedom, menn, kjærleik, erotikk, utanforskap, døden, litteratur... Heile tida ligg Løve der. Den vesle landsbyen som skulle bli heimen og ankeret gjennom livet. 
Det vil være veldig utilfredsstillende hvis man bare oppfattet gulvvasken som noe man skulle få overstått. Hvis oppvask bare var noe man skulle få overstått. Da var det som om livet bare var noe man skulle få overstått. Men kanskje var oppvasken selve livet.

 Kierkegaard er viktig. Hans eksistensfilosofi med dei ulike stadiene i livet. Estetikaren, etikaren og det religiøse stadium er dei stadig innom. Brøgger er reflektert og har meiningar om mykje. Eg har forresten ikkje tenkt på at forskjellen mellom kistegrav og kremering, kan sjåast på som om du vil i jorda eller i lufta. Må tenke på den.

Jeg tror vi hele tiden skaper Gud gjennom den indre samtalen. Men det skjer jo stadig ting vi ikke er herre over, som vi ikke selv har bestemt, og som griper inn i livet. Det er begge deler, tror jeg. Både transcendens og immanens i en dialektikk

 Blyanten blei flittig brukt under lesinga. Her blir det snakka om forfattarar eg må sjå nærmare på, bøker eg må leite fram igjen, sitat som måtte markerast og så må eg bare lese nokre av dei nyare bøkene hennar! 

Dette var ei bok til både lærdom og leselyst! For ei dame på 75!

Suzanne Brøgger og Alf van der Hagen i Stavanger 27.02.2020

---
Tittel: Suzanne Brøgger. Samtalememoarer
Forfattar: Alf van der Hagen
Forlag: Oktober
År: 2019