Drapet på Entry Island

Eg greier ikkje å la det vere. Eg må bare rydde tid kvar gong eg oppdagar ei bok av Peter May. Eg trives i krimuniverset hans.

Denne gongen er det frå Canada. Sime Mackenzie er kriminaletterforskar i Montreal. Slekta han kjem frå, er innvandrarar frå Hebridane. Han er difor tospråkleg i eit fransktalande område. Dette er hovudgrunnen til at han får bli  med til Entry Island for å etterforske eit brutalt drap. Denne øya er engelsktalande, då folket herifrå kjem frå Skottland/Hebridane. Dei andre etterforskarane er franskspråklege.

Enka etter den drepte, verkar så kjent for Sime, men han er sikker på at han aldri har møtt henne før...

Denne gongen skal vi i tillegg til å løyse ei krimgåte, gå bakover i historia. Vi får glimt frå utrenskinga som skjedde på Hebridane på 17-1800-talet. Det var nesten ei like sterk historie som sjølve krimhistoria. Eg visste ingenting om Highland Clearances.

Boka var ei ekte Peter May bok og eg storkoste meg som alltid. Og lærte altså noko nytt.

Peter May har skrive litt i bloggen sin om kvifor han laga denne historia. Det finn du her.

--
Tittel: Drapet på Entry Island
Original tittel: Entry Island (2014)
Forfattar: Peter May
Omsett av: Ragnhild Aasland Sekne
Forlag: Goliat
År: 2019

Kommentarer

  1. Jeg liker også disse bøkene fra Hebridene. Får se om jeg settet den på lista til biblioteket på nyåret. Ha en fin nyttårshelg!

    SvarSlett
  2. Takk i like måte. Hebridane-serien er spesiell sjølv om eg har likt dei andre bøkene òg så sit dei ekstra godt. Det interessante i denne er blikket tilbake på ei svart tid for Hebridane og Skottland.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar