Hva er da et menneske?

Karsten Alnæs, forfattar og agnostikar, og Notto R. Thelle, teolog, skriv brev til kvarandre. Dei startar i 2013 og sluttar i 2015. Tema er likningane i Bibelen. Tekstane seier mykje om kva eit menneske er, ønskjer og kan vere.
Kva tenkjer ein agnostikar og ein teolog om dei same tekstane? Det viser seg at tekstane rører ved noko i begge to og brevvekslinga er innom historie, litteratur, kunst, filosofi og psykologi. Eg fekk tips om forfattarar eg må sjå nærmare på og tekstar eg hadde, men som var borte frå minnet mitt. Bokbunka blei ikkje mindre. Buddhisme, Thomasevangeliet, Bjørneboe, Wergeland, Duun.. Og så måtte eg kikke ekstra på van Gogh. Mellom anna

Eg brukte tid på boka. Måtte tenke mellom breva. Likte brevforma. Gav meg tid til å gruble før eg las det den andre hadde tenkt etter forrige brev.
Lignelsene var en del av Jesu liv og ble til i møte med mennesker

Lazarus - lasaron - lasarett
Samaritan - våge å hjelpe den som samfunnet har stengt ute.
Sonen som kom heim og han som var heime og oppførte seg skikkeleg


Ei bok det no er strekar og små klistremerke i. Her er det ord og avsnitt som skal fram igjen!

--
Forfattarar: Karsten Alnæs og Notto R. Thelle
Tittel: Hva er da et menneske? Samtaler om Jesu lignelser
Forlag: Kom forlag
År: 2016
Språk: Bokmål
Innbunde