Mjøsa rundt med mor - ei livsreise


 Eg fekk eit lite tips om at eg burde sjekke boka "Mjøsa rundt med mor" av Bjørn Hatterud. Tja, tenkte eg. Det høyrtes eigentleg keisamt ut. Skog, vatn, flatbygder og ingenting. Men kvifor ikkje prøve? Så eg fann fram bibliotekappen og fekk napp på boka.

Først gjekk det litt treigt. Han kom jo aldri i gang med bilturen. Men så las eg tittelen ein gong til. "Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise," stod det. Og det var akkurat det eg blei med på.

Forfattaren er 17 år yngre enn meg, men han skildrar ein barndom eg kjente igjen. Kler vi arva, grisen som blei slakta for å gje føde til vinteren, dei lange avstandane. Vi hadde alt vi trengte, unntatt pengar. 

Boka får fram kor sterkt barndommen sit i ein sjølv om ein har flytta bort, greier seg godt og på mange måtar har gjort ei klassereise. Dei såra som sit i. Utanforkjensla. Samstundes den sterke kjensla av å høyre til ein stad. Det trygge. Mor og far. Ha slekt i kvart eit hus. Kjenne trådane mellom folk.

Same kor eg reiser i verda, så vil blikket mitt vere prega av Mjøsa. Så lenge eg ser verda prega av utsikta over Mjøsa, har eg ikkje mista meg sjølv. Heimstaden vil alltid vere innpoda i oss, som eit strikkemønster vi legg tankane etter.

Vi er i nåtid og i fortid. Vi reiser mellom bygd og by. Den såre forteljinga om Prøysen, som òg er ei forteljing om å vere annleis. Fryden ved å få seg moped og fridom. Eg begynte å tenke på bilen på Opelen min. Den eg kjøpte av ein storebror og som opna heile verda for meg, i alle fall Ryfylke, sommaren 1979. Ferjereisene som skulle få oss heilt til Torvastad for å besøk mormor, tanter, onklar og syskenborn. Det tok ein dag og var ein ekspedisjon. Slike tankar kryp fram mens eg les. Og storkoser meg.

På baksida av boka det henta eit sitat frå  Jonas Bals si melding i Klassekampen: "Det å føle tilhørighet, kjærlighet og stolthet til en plass, og samtidig ha et behov for å forlate den, er ikke bare lett. Men du verden så god litteratur det blir av det!"

---

Tittel: Mjøsa rundt med mor
Forfattar: Bjørn Hatterud
Språk: norsk (nynorsk)
År: 2020
Forlag: Samlaget

Kommentarer