Kontrakt med djevelen?


 Olav H. Hauge skreiv i dagboka si " Å lesa ein stor forfattar er som å reisa med jarnbanen gjenom eit fjell-land. Tunnelane er mange, men utsyni i millom storfagre" (1948).

Å lese Thomas Mann har vore ei tunnelreise. Boka har utfordra på så mange måtar. Mange gonger har eg tenkt at dette forstår eg lite av. Men eg har heldigvis hatt ein gjeng å lese saman med. Når eg har sett mørkt på det, har andre forstått meir. Puffa vidare.  Og no er eg glad for at eg har lese "Doktor Faustus"

Adrian Leverkühn er komponist, men det er ikkje nok å bli ein middelmådig komponist. Han veit han kan skape storverk. Undervegs inngår han ein avtale med Djevelen for å få geniet sitt forløyst

Du ser meg, altså eksisterer jeg for deg. Lønner det seg å spørre om jeg virkelig er til? Er ikke virkeligheten det som virker, og er ikke sannhet opplevelse og følelse? Det som øker din følelse av makt og herredømme for fanden, det er sannhet - selv om det med dydens synsvinkel vil være ti ganger løgn.

 Han får 24 år til å skape storverk. Men avtalen er at kjærleik er forbode for den varmar. Livet skal vere kaldt, altså må han ikkje elske eit menneske, stort eller lite. Du får geniet, men du mistar sjela og kjærleiken.

Adrian skriv musikk og får musikk oppført. Han lengtar etter varme og kjærleik, men blir meir og meir sær.

Boka skal òg seie noko om utviklinga av dei irrasjonelle og demoniske kreftene i mellomkrigstida i Tyskland. Det kom i bakgrunnen. Eg hadde nok med Adrian, venene, musikken og å halde tråden.

Det er mykje musikkteori i boka, Den forstod eg lite av og lurte på kvifor måtte med. 

Vi snakkar ikkje lenger om å selja sjela til djevelen. Djevelen finst jo ikkje. Vi snakkar om "meg, meg, meg", om å oversjå familien sin, om kulde, avstand... Var det ikkje noko slikt Adrian òg gjorde? Sette geniet sitt, kunsten sin, øvst og måtte betale med at det som kunne gjere han svak (nærleik, omsorg..). Det har eg tenkt ein del på etter at boka var ferdig.

Og les sitatet frå boka ein gong til ( det er det utheva i skrå skrift). Det er djevelen som snakkar. Har vi ikkje møtt akkurat det?

(Faust er hovudpersonen i eit tysk segn. Han sel sjela si til djevelen for å få djevelen til å tene se ei tid)

---

Forfattar: Thomas Mann
Tittel: Doktor Faustus. Den tyske komponist Adrian Leverkühns liv fortalt av en venn
Omsett frå tysk av Dag Østerberg
Forlag: Gyldendal
År: 2020



Kommentarer

  1. Jeg har bare lest en kort roman av Mann, for mange år siden. Døden Venedig. Den var heller ikke enkel, husker jeg, men Doltor Faustus, som du beskriver virker utrolig innfløkt.
    Tror jeg nøyer meg med den ene, sjøl om Mann er regnet for å være en av de store i Tyskland.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette var i alle fall utfordrande for meg. Og no las eg at Dag Solstad sleit med å forstå poenget til Mann i denne boka. Kjente meg nesten glad for at han òg sleit. Eg har sett Døden i Venedig som film og må nok innrømme at Mann får kvile i fred for meg ei stund.

      Slett

Legg inn en kommentar