Med livet framfor seg


 Eg fekk ei nydeleg bok til jul. Ei slik som er god å ta på. Som har eit vakkert design. Emile Ajar: Med livet foran seg.

Eg opna boka og las:
"Det første jeg vil begynne med å si, er at vi bodde i sjuende etasje uten heis, og for Madame Rosa med alle de kiloene hun hadde å drasse på og bare to bein, var det å slite seg i hjel hver eneste dag, foruten alle sorgene og bekymringene. Hun minnet oss om det hver gang hun ikke klaget over noe annet, for jøde var hun også. Det sto ikke rart til med helsa hennes heller, og det vil jeg også ha sagt med det samme at det var et menneske som kunne ha fortjent en heis."

Oj, tenkte eg. For nokre formuleringar. Eg sette meg godt til rette og koste meg frå start til slutt. Men det gjekk seint å lese for her kunne ein ikkje ta setningar som sjølvsagte. Eg måtte lese kvart ord for det kom stadig overraskingar. Vi ser verda frå barnet og den veslevaksne, men samstundes så mykje meir. Ord blir brukt på nye måtar. Til dømes lurer hovudpersonen, Momo, på kvifor ein ikkje aborterer gamle.

Historia er om Momo, ein arabisk gut som hamna hjå madam Rosa då han var 3 år. Madam Rosa er pensjonert jødisk prostituert. Ho har opna heimen sin for fleire barn av prostituerte. Nokre kjenner mor si, andre ikkje. Momo veit lite om seg sjølv. Han viser oss nabolaget i ein forstad til Paris, Belleville. Her er jødar, muslimar, kristne. Folk frå Afrika, Midtausten og Europa. Prostituerte, hallikar, gateselgarar, legar, teppeselgarar og andre som gjer sitt for å halde seg i live. Ein blir glad i desse menneska. Til dømes Monsieur Hamil som er så gamal at han ikkje veit om han siterer frå Koranen eller frå "De elendige" av Viktor Hugo. Og madame Rosa?

Ja, livet har behandlet henne, det skal være visst. Av og til stiller jeg meg opp foran et speil og prøver å forestille meg åssen jeg selv vil ta meg ut når jeg er blitt behandlet av livet, jeg bruker fingrene og trekker i munnvikene og skjærer grimaser.

 Gjennom auga til Momo får vi kjenne på kva jødeforfølginga har gjort med eit menneske, vi møter religionar som kryssar kvarandre i kvardagen, kampen for å overleve og for å få dø. Det er mykje menneskeklokskap i miljøet rundt Momo.

Jeg ble sittende en god stund sammen med han og lot tiden gå, den som går langsomt og ikke er fransk.

Undervegs begynte eg å tenkje på at det var noko kjent her. Særleg når madame Rosa vandrar ned i kjellaren ei natt. Eg tenkte på Sophia Loren og ein film eg hadde sett i vinter og som eg ikkje hugsa namnet på. Ho likna ikkje den madame Rosa av utsjånad, men ho var jo henne. I filmen, som sjølvsagt heitte "Med livet foran seg" og som kom i fjor, spelte den 86 år gamle Loren madame Rosa. Eg må sjå den ein gong til no når eg har heile historia. Ein vakker film forresten. 

Forfattaren Emile Ajar var ukjent for meg. Eg måtte sjekke og oppdaga at dette var ei av dei mest kjente og elska franske bøkene. Emile Ajar var pseudonym for Romain Gary. Boka fekk Prix Goncourt-prisen. Ingen visste kven Ajar var. Då Gary tok sitt eige liv låg det eit manus til ei bok som fortel at det er han som er Emile Ajar. Boka  "Med livet foran seg" er filma fleire gonger. Språket i denne boka blir sett på som sjøloppfunne og blei stildannande

Monsieur Hamil, går det an å leve uten kjærlighet?

----

Tittel: Med livet foran seg (La vie devant soi) 
Forfattar: Emile Ajar (Romain Gary)
Språk: norsk(original: fransk)
Omsett av: Anne Elligers
Forlag: Agora
Utgitt: 2013 (original 1975)


Kommentarer