Sint, sår, stormande, sterk og svak - Abid Raja

Abid Raja. Kulturminister i pandemi. Ordrike, fargerike og til tider voldsomme Abid Raja.

Og no har han ikkje bare fått meg til å le, men til å tørke tårer og å vere takksam for at vi har ein politikar som han.

Abid er ikkje heilt A4 frå fødselen av. Han må gjennom fleire operasjonar før han er fire månader gamal. Han får vite at han fører skam over familien. Han blir slått heime, blir plaga på skolen og er full av skam og skuld for alt han ikkje er. Han gøymer seg bak sinnet. Det er for mange nederlag å ta inn over seg.

Kroppen min forberedte meg ubevisst på hvilke skuffelser og tap som ventet meg. Jeg ble god på å forberede meg på det verste, slik at det verste kunne unngås. Prisen jeg betalte for det, var en manglende evne til å være til stede i nået.

Vi blir med han på reisa frå fortvila gut til mannen ved Kongens bord. Vi får bli med han gjennom nederlag, sjukdom og skam. Han vel sjølv å søke hjelp i barnevernet. Ei hjelp som ikkje akkurat er ei solskinnshistorie. Han studerer, jobbar, er politisk aktiv. Sinnet er drivet.

Jeg var ingen fullgod mann, slik faren min hadde påstått. Jeg var et halvt menneske, kunne ikke få barn, kunne ikke bli pappa, kunne ikke lage familien som Nadia og jeg alltid hadde ønsket oss.

Vi er midt i det moderne Noreg. Abid har møtt Nadia, men må skjule kjærleiken. Dei må finne måtar å møtast. Det gjeld å unngå plassar dei kan bli oppdaga. Tenk på kor mange pakistanske taxisjåførar det er i Oslo på 1990 talet. Alle desse kan fortelle foreldra at dei er ute saman. På den eine sida er Abid ein som stormar fram i studiar og blir synleg i diskusjonar. Er ein moderne norskpakistanar. På den andre sida er han ein konservativt oppdratt muslimsk mann. Han er mannen som skal passe på kvinna. Ho skal ikkje gjere skam på familien eller mannen. Desse to sidene sloss i han lenge før han ser kven han er. Nadia har mange kampar ho må kjempe.

Neste gong eg syns at Abid Raja er "breial, brautende, poserende og dominerende" som det står bak på boka, kjem eg til å smile og heie. 

Eg tilrår.